Stolpar
er in
Stolpar
som kan jaktast på
I minnekortet mitt hadde stolpar leidningar
som fører straum
til bygd og by
ENERGI til folket
Andre stolpar
hadde leidningar
som ved eit under
førde samtalar
frå hus til hus
KONTAKT mellom folka
I minnekortet jakta vi
på hjorten
med jaktløyve og gevær
heilt utan stolpar
Men alt er annleis
i desse tider
Vi jaktar på stolpar, vi
Og det merkelege,
og det gode
er at jakta fører
ENERGI og KONTAKT
til folket
der dei med to meters avstand
luskar i skog og fjell
med eit trålaust våpen
i handa
og med rå muskelkraft
på stolpebeina!
søndag 26. april 2020
mandag 13. april 2020
Det var Han
Dei gjekk på vegen
til Emmaus
Tunge til sinns
med bøygde hovud
og delte
opplevinga
og sorga
Ein dei ikkje kjenner
kjem inn i følgje deira
Kva snakkar de om?
spør han
Dei kunne svara
- vi snakkar om Deg
Men dei visste det ikkje
auga kunne ikkje sjå
sorga var for tung
Men hjarta brann
då Skriftene vart utlagd
medan dei gjekk
Augo vart opna då han
braut brødet
medan dei åt
Då kjende dei han
Så vart han borte
Han dei hadde
gått vegen med
lytta til
invitert inn
ete med
Det var Han!
I same stunda
braut dei opp
Sprang ut og fortalde
til dei andre.
Oppstodevitne
vart dei
Og alt vart nytt!
til Emmaus
Tunge til sinns
med bøygde hovud
og delte
opplevinga
og sorga
Ein dei ikkje kjenner
kjem inn i følgje deira
Kva snakkar de om?
spør han
Dei kunne svara
- vi snakkar om Deg
Men dei visste det ikkje
auga kunne ikkje sjå
sorga var for tung
Men hjarta brann
då Skriftene vart utlagd
medan dei gjekk
Augo vart opna då han
braut brødet
medan dei åt
Då kjende dei han
Så vart han borte
Han dei hadde
gått vegen med
lytta til
invitert inn
ete med
Det var Han!
I same stunda
braut dei opp
Sprang ut og fortalde
til dei andre.
Oppstodevitne
vart dei
Og alt vart nytt!
onsdag 8. april 2020
Kvar kjem det frå?
Kvar kjem det frå
dette smeltande smilet
frå eit nyvakna liv
som smiler mot oss
Som smiler utan å ha lært
Som smiler
utan å vita at det er eit smil
Kvar kjem det frå
dette umedvitne smilet
Dette ekte smilet
som ingen har lært
men som kjem
og gjer så godt
og som får heile verda
til å smila?
Kvar kjem det frå?
dette smeltande smilet
frå eit nyvakna liv
som smiler mot oss
Som smiler utan å ha lært
Som smiler
utan å vita at det er eit smil
Kvar kjem det frå
dette umedvitne smilet
Dette ekte smilet
som ingen har lært
men som kjem
og gjer så godt
og som får heile verda
til å smila?
Kvar kjem det frå?
tirsdag 7. april 2020
Dåpssong til Ylva
Denne songen vart skrive til Mathea sin dåpsdag i 2010.
Seinare har vi bytta namn og sett inn Lukas, Levi, Silas, Åsmund, Frøya og Ylva.
Bestefar har på dåpsdagen sunge songen til alle desse.
Kaja, den første, kom til verda før songen, men namnet hennar hadde passa fint inn det også!
Gud signe deg du vesle
Ylva vår
så inderleg god og så
fin
ho bestemor kjenner på
gleda når
ho ser deg på
dåpsdagen din
Gud styrke deg du vesle
Ylva vår
må foten din veksa seg
sterk
Eit nytt liv frå dåpen
til æva når
og du er eit Guds
underverk
Gud vare deg du vesle Ylva vår
må foten din gå på den
veg
der dåpen sin Herre
deg føra får
då trygg du kan gå
dine steg
Gud, takk for eit
under, for Ylva vår
ha takk for ein heilt
nyskapt skatt
Vern livet for tornar
og djupe sår
lat vegen bli bein,
ikkje bratt
Gud, bestemorsbøna for
Ylva vår
vil nå deg kvar
einaste dag
Ei pakt har du teikna,
på denne det står
at Ylva og du er på
lag
melodi: Ein fin liten blome
Abonner på:
Innlegg (Atom)