søndag 31. mars 2019

Til granskogen

Kjære granskog!

Forakta og lite påakta
av mange
står du i skogen min
og gjev meg glede

Hadde du ikkje stått her
hadde eg ikkje fått kjenna gleda over
dei vakre lysportalane du lagar
når sola skin gjennom krunene dine
og ikkje kjent gleda
over glimta av bygda
og fjorden som tittar fram
mellom leggene dine
Heller ikkje hadde eg fått trødd på dei mjuke stiane
gjennom riket ditt

Hadde du ikkje stått her
hadde eg mista
opplevingar med deg
når småfuglande leikar gøymsle
og syng våryre songar i ditt eviggrøne fang
Eller når vinden lagar orkester
med djupe klangar mellom greinene dine
og fyller skogen med musikk
som skapar
undring og
mystikk
og stundom gjer meg
liten og redd

Takk du staute og rufsete granskog
som vi planta ein gong
for framtida
Du kjenner deg nok moden for nye oppdrag
Eg skjønar deg
men rår ikkje med det

Ver tolmodig
klor deg fast
Ein vakker dag kjem
saga fram til deg
og du får køyra på
på nybygde vegar
til ditt nye liv
- det livet du var planta for!

Helsing grunneigaren

Ingen kommentarer: