- Og det skjedde i dei dagar då kong Haakon var konge i Norge, og far hennar var bonde på Skår at alle, då som no på denne tida, hadde eit felles fokus - det stunda til julehøgtid!
- Då for alle heim, kvar til "sin by" for å feira jul. Dei kom ikkje til hennar stove, der var alle heime, men til søre stova kom dei, og dei kom med "bylukt" som parfyme, tobakk og kjeks med rosa glasur. Nesten som vismennene - med røykelse og myrra - Men ikkje gull! Det var lite av gull!
- Og det skjedde på nytt og på nytt - kvart einaste år - at det vart feira jul i små stover og på store slott i kongeriket, fordi Skaparen av himmel og jord hadde sendt Son sin til verda som eit lite barn, fødd i ein stall i ein by som hadde namnet Betlehem! Han som var verda sin frelsar vart lagt i det dei på Skår kalla ei gjøte, men som juleevangeliet kalla ei krubbe! Ho synes det var trist at det skjedde i stallen, sjølv om hesten var snill og ein av hennar beste venner. Men det var kaldt og mørkt der om kvelden og natta, tenkte ho! Kanskje skulle ho bedt far om å la lyset stå på om julekvelden! Det hadde vore lunare, men ho kom seg ikkje til å spørja! Kanskje nokon ville smila av henne då.
For juleevangeliet skjedde jo ikkje i Betlehem slik tidleg på 50-talet! Det skjedde rundt dei her på Skår!
Det tydelegaste bilete ho har av Juleevangeliet i "sin kontekst", er hyrdingane og englesongen!
Dette skulle ho ønskt at andre skulle fått opplevd saman med henne, men ho fortalde det ikkje til nokon før ho var vaksen! Skjøna kanskje at biletet ikkje var nett slik ho såg det for seg.
Men, framleis, når ho høyrer om englebod til hyrdingflokken, så er ho der, nord om løa! Det var der dei var - hyrdingane.
Dei som var mellom dei lågaste på rangstien - nesten for kvinner å rekna, var det bodskapen kom til! Det er noko å tenkja på, tenkjer ho i dag!
Dei som var mellom dei lågaste på rangstien - nesten for kvinner å rekna, var det bodskapen kom til! Det er noko å tenkja på, tenkjer ho i dag!
Leiren til hyrdingane med bål og avslappa stemning, var nedom ein liten knaus nett nord om epletreet.
Og der altså, midt på mørke natta, kom det over Bøkevollfjellet først ein, og så etterpå ein heil himmelsk hærskare av englar som lova Gud og song!!
"Herrens herlegdom lyste over dei" og breidde sitt lys og herlegdom over Seimsfjorden, Mongstadgardane og bøane våre! Midt på natta lyste det heilt nord til steingarden, og fjorden glitra.
Det er nesten som ho fornemmar den fine songen medan ho sit og skriv.
Dei var heldige desse hyrdingane, tenk å få høyra og sjå og oppleva noko slikt, tenkte jenta på Skår!
I minnet hennar er dette ei perle!
Dei var heldige desse hyrdingane, tenk å få høyra og sjå og oppleva noko slikt, tenkte jenta på Skår!
I minnet hennar er dette ei perle!
- Også denne jula når ho høyrer om englesongen, vil ho i tankar og kjensler vera der - nord om løa med englekor og glans over Bøkevollfjellet! Her hjå oss! Her til oss!
Bjørn Eidsvåg må ha sett noko av det same når han skreiv:
"Himlen sto i veldig lue,
engler sang om fred og fryd"
- og vidare:
"I det stille til de små,
bringer Jesus håp og fred.
Og han kommer, da som nå,
fra sin himmel til oss ned.
Julenatt med lys og glede
minner oss om Gud som kom.
Evig er han her til stede.
Nå står grav og krybbe tom!"
Salme 69 i Salmeboka
"Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blandt menneske Gud har glede i"
Barnlege tankar har blitt slipt og prøvd, men framleis kjenner ho glede over jula sin bodskap.
- Og ho gjer som Maria - Ho gøymer orda i hjarta, og blir ikkje ferdig med å grunna på, og gle seg over dei!
Barnlege tankar har blitt slipt og prøvd, men framleis kjenner ho glede over jula sin bodskap.
- Og ho gjer som Maria - Ho gøymer orda i hjarta, og blir ikkje ferdig med å grunna på, og gle seg over dei!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar