Det er mulig at eg er litt overmodig, men eg har skaffa meg ein sykkel - min tredje sykkel! Ein svart damesykkel med korg! Og eg er litt forundra!
Den første sykkelen min kjøpte eg på avbetaling for ei og ei halv månedslønn! Eg kjøpte den hjå han Kåre på Seim Handel, då eg som 14-åring starta min vesle yrkeskarrière der. Eg vart trekt for 50 kr i løn pr mnd til sykkelen var betalt! Grei ordning for meg!
Sykkelen var ein blå og kvit DBS- sykkel, og den hadde fint kvitt, gult, grønt og rødt nett på bakhjula. Den var overmåte vakker i mine auge.
I skjørt og kvitt forkle sykla eg til og frå butikken i regn, solskinn og mørke desse kilometerane i vel to år.
Men sykkelgleda vart heller kortvarig. Etter eit par år vart vidunderet, på mystisk vis borte inne ved meieriet, og sidan har ingen eg veit om, sett den. Skulle det ev finnast ein lesande, angrande syndar, må den gjerne ta kontakt. Tilgjevinga skal underskrivast raskt.
For ordens skuld: eg har absolutt ingen mistenkt!
Den andre sykkelen var ei investering gjort for salssummen av ein grøn VW Variant, og vart kjøpt for å få Kjartan til og frå barnehagen for nærare 40 år sidan. Investeringa vart gjort i mine unge, sprekare år, og den suste oss fort ned til Bakarvågen - utan hjelm og safe sikring av mor og gutt! Men vi kom frå det begge to. Denne framkomstdoninga vart ikkje med på flyttelasset frå Masfjorden til Seim. Helt ærleg må eg sei at eg har ikkje sakna den - vi har to bilar - må vita!
Men så i går kom den tredje sykkelen min til tuns! Fint brukt, og med tre gear og ei koseleg korg frampå. Den vart kjøpt på NMS Gjenbruk for ein absolutt løyseleg sum sjølv for ein tilnærma minstepensjonist, og misjonen fekk pengane. Eg er godt nøgd med den ordninga!
Kva skal eg så bruka denne sykkelen til? Ja det er det store spørsmålet som eg ikkje klarar å svara heilt på endå. I går og i dag har eg testa den. Det har gått rimeleg bra, berre eit lite skrubbsår på albogen, og ei litt usikker kjensle om framtida som syklist.

Men så manglar eg då både hjelm, sykkelbukse og sykkelsko - eg manglar gul fin og synleg jakke med reklame på, og eg manglar gode sykkelhanskar. Kanskje det er det som manglar for at forma og motet skal koma på plass?
Eller er det rett og slett manglande mot, frykt for å ramla og 20 år sidan sist eg sykla, som skapar den usikre kjensla?

Spørsmålet lyt "hengja i lufta" litt til!
Men eg drøymer om Jomfruland, om Jærstrender eller kanskje Danmark... Eg drøymer om beine flate sykkelvegar utan vind og regn og med varm sol.
Kven veit? Det er lov å drøyma og å håpa, og campingvogna skal ha to syklar bakpå når den etter planen legg ut på årets tur om eit par veker!