Den er for dei enkle observasjonane og opplevingane for kvardagsmennesket, Kari.
I dag blir det eit nytt skråblikk frå stolen - denne gong frå "grostolen"!
Foten
Denne veka har foten min fått ny status - lårhalsbrot heiter det no. I fire veker har eg hoppa rundt på krykkjer, køyrt bil, halde opp til fleire talar og vore i Gjenbruksbutikken i trua på strekk og kraftig slag. På onsdag vart det ny diagnose, innlegging for operasjon og utskriving utan operasjon for å humpa vidare på krykkjer i eit par veker til! "Du er unik", sa legen i går då han studerte røntgenbileta og eg reiste heim med godt mot.
I skrivande stund får eg kontramelding frå sjukehuset, og i morgon blir det operasjon! Bra dei passar på meg! Eg var visst ikkje så unik likevel. Kanskje heller litt uvanleg!
I skrivande stund får eg kontramelding frå sjukehuset, og i morgon blir det operasjon! Bra dei passar på meg! Eg var visst ikkje så unik likevel. Kanskje heller litt uvanleg!
Trump
Så har det fridomselskande og demokratiske USA vald seg ny president! Eg kjente eit indre stikk i heile meg då eg realiteten gjekk opp for meg! Kva er det som skjer? Er det så stor avstand mellom folket og makta at veljarane vågar eit slikt val? Det kan verka slik! I tilfelle er det eit varsko til både politikarar og velgjarar også hjå oss!
Eg ber om at dette går betre enn frykta.
Kristen
Media melder at det var dei kristne som gav makta til Trump. Dette fell mange av oss kristne tungt for brystet. Eg kjenner meg i same bås som Lisa Maria Hareide som på si facebookside sa at "I dag kaller jeg meg ikke kristen." - " i dag kaller jeg meg for en Jesu-disippel" Og når vi ser korleis somme i det konservative kristennorge jublar over sigeren, så kjennes det ikkje som vi lever i same verd! Vebjørn Selbekk i avisa Dagen skriv glimrande godt om dette!
Vi kjem nok til å kalla oss kristne framleis vi som trur på den Treeinige Gud! Men vi må ha lov og undra oss over at det berre er abortkamp, kamp mot homofile ekteskap og Israelspolitikk som skal definera kva som er kristne kampsaker! Jesus viste oss noko langt meire!
Skulegudsteneste
Så kom skulegudstenestedebatten. Den er jo like viss som den første snøen. Kva eg meiner treng eg ikkje utdjupa. I dag spør eg berre; Kvifor avlyser vi ikkje heile jula? Kva skal vi med jul? Er det julenissen, luciafesten, pepparkakebyen som er jul, eller er det handelsstanden si fest? Er det julemusikkstemning og juleborda som er jula? Tåler ikkje borna og skulane våre i eit fleirreligiøst samfunn, eit møte med kyrkja, - ja moskeen eller synagoga for den del?
Eg veit at dei aller fleste lesarane mine stiller dei same spørsmåla som eg.
Sjakk
Og så har sjakk-VM starta. På NrK2 var det stille og fredeleg underhaldning i går kveld. Men du verden så mykje det kan prarast om nokre menn som set bøygd over kvite og svarte figurar med artige namn! Av og til slår ein bonde eller springar til, og etter mange timar er det over.
Som ei som har hatt tre born som har vakse opp i sjakkbygda Sandnes i Masfjorden, har det ikkje vore til å unngå å stifta kjennskap til dette rutete brettet. Eg innser at dette er godt for konsentrasjon, tankearbeid og strategi, og eg likar dette "stille" spelet sjølv om eg aldri har vunne ein einaste kamp!
Messe
Sist helg hadde vi flott misjonsmesse for NMS i Knarvik. Mykje folk i alt for små lokaler, og ca 1/4 mill til misjonen. I dag har NLM si messe - dei har flytta til Nordhordlandshallen og slår nok resultetet vårt! Storveges at misjonsmesser slår til.
I morgon er det gudsteneste(messe) på Seim. Då hadde eg tenkt å humpa meg ut av "grostolen" og til kyrkje! Det blir det neppe - om ikkje nokon ombestemmer meg endå ein gong :-)
God helg!
3 kommentarer:
Hei, Kari!
Takk for sist! Måndag var du på misjonsfoeining for NMS (mannsforeining) heime hjå oss. Då stod du på den vonde foten heile tida medan du talte. Lite visste vi at det var lårbeinsbrot. Talen var god! No vonar og ber vi at du får rett og god hjelp. Vi treng deg frisk og røring.
Takk for gode ønslker. Kjekk kveld hjå dykk!
God betring Kari, - så uheldig du var!
Legg inn en kommentar