Mykje engasjerer - det meste kan eg gjera lite med.
- Men det er jo alltid i slike situasjonar vi er klokast....
Her kjem det nokre enkle observasjonar og "forståsegpå-tankar" frå nokre av siste vekes medieoppslag:
For det første - tenk om eg kunne fått sagt nokre vettuge ord om ansvar, seriøsitet, respekt, nestekjærleik, forvaltning og demokrati til desse lite tillitsvekkjande presidentkandidatane i USA. Det vi er vitne til om dagen, er uverdig, og i verste fall farleg! Ein av desse vil få enorm makt. Frå stolen min verkar det som kandidatane ikkje har den klokskap som trengs for å forvalta denne makta! Håpar eg tek feil!
Skulle gjerne ønskja eg fekk ta ein alvorsprat med dei, begge to!
Så har eg ikkje unngått å fylgja med på Hanevoll-debatten. Den debatten er langt frå oppbyggeleg, og eg får slett ikkje energi til å kasta frå meg krykkjene av den. Eg blir sint og forarga for å sei det mildt. Men ikkje berre det, eg blir også trist og skuffa. Vi vedkjenner oss då den same Gud og les den same Bibel!
Her må det ryddast! Dette er øydeleggjande! Mine råd ville neppe blitt teke omsyn til, men eg håpar andre kloke, velmeinande folk blir lytta til!
Og så til denne munnsårsalven - Kjære vene, får eg lyst til å seie! Den som har hatt store munnsår i sol og snø, veit kva dette er.
Sjølvsagt er vi i mot doping, men dei fleste av oss har for lite greie på dette til å meina noko kvalifisert. Likevel, for oss som set rundt TV-skjermen og ser på langrenn er det noko som ikkje stemmer når ein munnsårsalve vert straffa slik Therese Johaug opplever det om dagen. Håpar det løyser seg! Eg heiar på henne!
Eg må også ha med nokre ord om Trude - Trude Drevland. Denne fargerike tidlegare bergensordføraren, som også har kome i eit uføre. Også ho må venta til makta har tala. Men kjekt var det å ha henne tilbake på skjerm og aviser. Tungt å høyra om hennar personlege kamp, og befriande å sjå henne glimta til med sine kjappe kommentarar som ikkje berre rører ein bergensar, men også ein stril litt utanfor "Byen" i Trude sitt hjarta!
Elles har eg fått med meg er at Kristiansund fotballag har arbeid seg opp i elitedivisjonen! Slikt er godt nytt. Mitt fotballhjarta er alltid hjå dei som gradvis arbeider seg oppover. Ingen skal kjenna seg trygge på toppen. Dette er sunt! Heia Kristiansund!
Så set eg altså her - på dagen to år etter at eg slutta i jobb - med skamfaren fot, og har tru på at om dei med makta berre hadde høyrt på meg, så hadde verda, og media, og kristenfolk, og idretten unngått alle desse problema dei har å hanskast med.
Slik kan det gå!
Med andre ord: "Intet nytt under solen".
2 kommentarer:
Kloke tankar, Kari. Eg les dei med eit smil - og med alvor!
Takk for det Marit Elisebet! Eg skreiv det også med smil - og med alvor!Det passar for meg!
Legg inn en kommentar