torsdag 7. juli 2016
Blandingsved
Eldgamle seljer i løemuren, rotvelta granar, older, hegg, osp, hassel og meire til etter vinterstormar, må ryddast og bli til ved - Svært mykje ved. Husbonden har hatt ufatteleg mykje arbeid i vinter, og vi har god ved i lang tid. Blandingsved er ein god ting - den utfyller kvarandre (nett slik som vi ulike menneskeskapningar gjer det.)
Meg er det ikkje mykje hjelp i, men eg stablar litt i ny og ne, og erfarer at det er vanskeleg å få beine fine stablar av slik ryddeskog. Det er visst litt ære i fine vedala. Det får så vera, berre det står!
Og så gjer eg noko så unyttig som å bruka tid på å skriva litt om vedstabling av blandingsved. Forstå det den som kan, og les den som vil!
Blandingsved
Det blir ikkje kunstverk av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
prøv den som vil
prøv å få til
snorbeine stablar av blandingsved
Det luktar 'kje bjørk av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
og ti sortar minst
av trea som finns
gjev krokete stablar av blandingsved
Det luktar god skog av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
men om lukta er god
og laet mitt sto
blir det krokete stablar av blandingsved
Det blir ikkje kunstverk av blandingsved
kreksete, krokete blandingsved
om det tærer på æra
skal laet få vera
det blir varme av kreksete blandingsved
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar