Det går mot kommunesamanslåingar, også i Nordhordland.
Lindås, Meland og Radøy har jobba godt, og fått vedtak om samanslåing. Det blir spennande, og avtalen dei har framforhandla skapar positiv forventning og framtidstru! Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen har gjort vedtak om framleis å vera eigne kommunar. Dei fortener respekt for sine val!
Kva skal så den nye kommunen heita? I dag skriv eg fordi eg vil gje den nye kommunen eg skal bu i, eit namn!
Namnedebatten har forståeleg nok, ikkje hatt noko fokus.
Så langt har eg høyrt eitt uoffisielt namn på den nye kommunen, og det er Nordhordland kommune!
Det er eit godt namn
dersom alle kommunane blir med. Blir det ikkje slik når siste ord er sagt, må namnet Nordhordland ikkje brukast!
Mine argument mot dette namnet er følgjande:
For det første - det vil vera å fråta delar av Nordhordland deira regionidentitet. Det vil eg oppleva som svært uheldig. La alle nordhordlendingar framleis få vera nordhordlendingar!
For det andre - Det vil gje kommunane som har sagt nei til samanslåing rett i deira frykt for å bli oversett i ein storkommune. Dei "store" har makta - har ca 80% av befolkninga, og med det rett til å bestemma.
Mitt forslag er KNARVIK kommune!
Det vil eg grunngje slik:
Alle er eining om at vi skal skapa ein ny kommune. Det er ikkje ein kommune som blir utvida!
Tre kommunar i Nordhordland skal bli ein NY kommune, og ny kommune treng nytt namn!
Knarvik er sentrum i regionen og i den nye kommunen.
På sikt bør Knarvik utviklast til å bli ein by, og det er naturleg at kommunenamn og bynamn er det same.
Knarvik kommune vil vera eit namn alle i den nye kommunen kan identifisera seg med. Det blir ein ny kommune med eit namn vi alle har eigarskap til!