Det er i alle fall ein ting som, i beste fall, kan vera positivt med det å sitja i ein stol med foten høgt; ein får god tid til å fylgja med på nett, aviser og TV.
Mykje engasjerer - det meste kan eg gjera lite med.
- Men det er jo alltid i slike situasjonar vi er klokast....
Her kjem det nokre enkle observasjonar og "forståsegpå-tankar" frå nokre av siste vekes medieoppslag:
For det første - tenk om eg kunne fått sagt nokre vettuge ord om ansvar, seriøsitet, respekt, nestekjærleik, forvaltning og demokrati til desse lite tillitsvekkjande
presidentkandidatane i USA. Det vi er vitne til om dagen, er uverdig, og i verste fall farleg! Ein av desse vil få enorm makt. Frå stolen min verkar det som kandidatane ikkje har den klokskap som trengs for å forvalta denne makta! Håpar eg tek feil!
Skulle gjerne ønskja eg fekk ta ein alvorsprat med dei, begge to!
Så har eg ikkje unngått å fylgja med på
Hanevoll-debatten. Den debatten er langt frå oppbyggeleg, og eg får slett ikkje energi til å kasta frå meg krykkjene av den. Eg blir sint og forarga for å sei det mildt. Men ikkje berre det, eg blir også trist og skuffa. Vi vedkjenner oss då den same Gud og les den same Bibel!
Her må det ryddast! Dette er øydeleggjande! Mine råd ville neppe blitt teke omsyn til, men eg håpar andre kloke, velmeinande folk blir lytta til!
Og så til denne
munnsårsalven - Kjære vene, får eg lyst til å seie! Den som har hatt store munnsår i sol og snø, veit kva dette er.
Sjølvsagt er vi i mot doping, men dei fleste av oss har for lite greie på dette til å meina noko kvalifisert. Likevel, for oss som set rundt TV-skjermen og ser på langrenn er det noko som ikkje stemmer når ein munnsårsalve vert straffa slik Therese Johaug opplever det om dagen. Håpar det løyser seg! Eg heiar på henne!
Eg må også ha med nokre ord om
Trude - Trude Drevland. Denne fargerike tidlegare bergensordføraren, som også har kome i eit uføre. Også ho må venta til makta har tala. Men kjekt var det å ha henne tilbake på skjerm og aviser. Tungt å høyra om hennar personlege kamp, og befriande å sjå henne glimta til med sine kjappe kommentarar som ikkje berre rører ein bergensar, men også ein stril litt utanfor "Byen" i Trude sitt hjarta!
Elles har eg fått med meg er at
Kristiansund fotballag har arbeid seg opp i elitedivisjonen! Slikt er godt nytt. Mitt fotballhjarta er alltid hjå dei som gradvis arbeider seg oppover. Ingen skal kjenna seg trygge på toppen. Dette er sunt! Heia Kristiansund!
I jobben min fekk eg ofte telefonar frå engasjerte og kloke folk som ringte etter at avisene var lese om morgonen. Du verden så engasjerte, taleføre og tildels hissige mange av dei var! Og så opplagte grunnar til problema - og så enkle løysingar dei såg! Det forundra meg inn i mellom - kvifor vart det aldri politikarar eller biskopar av desse kloke folka?
Så set eg altså her - på dagen to år etter at eg slutta i jobb - med skamfaren fot, og har tru på at om dei med makta berre hadde høyrt på meg, så hadde verda, og media, og kristenfolk, og idretten unngått alle desse problema dei har å hanskast med.
Slik kan det gå!
Med andre ord: "Intet nytt under solen".