torsdag 18. desember 2014

"Er du avholds?"

Ja, eg er framleis "avholds".
Slik har det vore, og slik vil det bli.
Kvifor?
Svaret mitt er enkelt - eg lar vera å bruka alkohol i solidaritet med dei som lir under eige eller andre sitt misbruk.
Har det noko for seg å ha eit slikt standpunkt?
Eg kan skjøna spørsmålet, for eg kan sjølvsagt ikkje måla verknaden av mitt val. Likevel er dette eit rett standpunkt for meg. Det blir for vanskeleg å nyta ei vare som har blitt til ei stor forbanning, og til øydelagde liv for mange medmenneske.

Til tider kjenner eg meg litt annleis, kjenner at eg er ein typisk, umoderne "vestlandspietist", men som oftast er det heilt ok. Eg kjenner meg respektert, ingen spør eller kommenterar, det kan til og med bli forventa av meg at eg seier nei takk, og som oftast er vi er fleire som vel det same. I mine miljø og samanhengar er det også som oftast alkoholfritt. Om eg har betre eller dårlegare livskvalitet enn dei som veljer annleis, er eg ukvalifisert til å meina noko om - men eg har det bra i "festlivet" mitt! Det er det eg veit,

Å vera avholds, og å argumentera for det slik eg gjer, kan lett opplevast fordømande. Eg skjønar det. Det kan verka som eg ser på dei som har eit anna svar enn eg, som lite ansvarlege. Eg ønskjer ikkje å gje andre den kjensla. Eg har respekt for andre sine val!

Som avholds tilhøyrer eg ein minoritet, og ville gjerne sett at fleire tok eit avholdsstandpunkt! Det auka alkoholforbruket uroar meg meire enn at det plagar meg å vera avholds. Eg trur også dette uroar mine "av og til-venner". Samfunnsmessig er aukande alkoholbruk ei utfordring.

Eg er glad for det fokus som media har på alkoholbruk i juletida.
Vi blir oppmoda til å visa måtehald for borna sin del.
Det er tankevekkjande å lesa at det er  besteforeldregenerasjonen bør skjerpa seg mest, og det er flott at  Davy Vatne går ut og seier at alkohol ikkje høyrer saman med julefeiring med born!

Eg vil tru på at denne bodskapen når fram! Borna fortener det!

2 kommentarer:

MaRy sa...

Her har du Kari, sett ord på ein problematikk og tydelegjort eit standpunkt som eg delar fullt ut. Eg har og eit sosialistisk grunnlag for mitt standpunkt om totalt fråhald i høve til alkohol! Her vi eg plassera deg i bås med Einar Gerhardsen og Arthur Arntsen, Oluf, som og har ei tydeleg sosialetisk grunngjeving!

Kari Skår Sørheim sa...

Takk for respons Magne,. Det er jo storsinna av deg å plassera meg saman med Gerhardsen og Oluf😄. Eg skulle ønskja at fleire, både sosialdemokratar og kristendemokratar, hadde delt dette synspunktet! Det er, slik eg ser det, bruk for fleire som skålar alkoholfritt. Alkoholen har fått alt for stor plass både i det offentlege og private rom.

PS! Kjekt å få kommentarar her, men eg skjønar at det er enklare på facebook!