Det gjekk ein jagande gledespil gjennom hjarta, og gjennom heile meg i dag. Den kom så uventa midt i ein situasjon som eg vanlegvis ikkje kjenner meg særleg komfortabel i. Eg sto i ein butikk i samtale med ei hyggeleg butikkdame. Det har nemmeleg dreia seg om julehandel i dag! Den nyslåtte pensjonisten tenkte å vera tidleg ute i år, og fordi ho er langt frå det som kan kallast ei shoppingdame, så krev slike dagar mykje, og ho kjempar seg eigentleg frå butikk til butikk, men jobben skal gjerast!
Så altså, i dag - i det eg sa; to gutar på to år, ein gut på snart fem, ei jente på fem og ei jente på elleve år, så kom det ein gledespil som eit skudd, som lyn i frå klår himmel og rett inn i hjarta! Den tok kontrollen over meg nokre lange sekund, og gjorde så godt at tårene faktisk ville fram, Eg vart nesten litt forvirra, men henta meg innatt!
Dagen vart annleis! Kunne verkeleg desse opplysningane, om borneborna mine, fylla augene med tårer fordi ein gledespil bokstavleg tala kom som eit skudd rett inn i bestemorshjarta, midt inne i ein travel julebutikk?
Svaret er JA. Det skjedde i dag, og bestemora er ei julehandlande bestemorsoppleving rikare!!
Så kan ein kanskje sei at det var nok eit teikn på du er ei sliten og litt "nedpå" bestemor - og det kan det vera noko i..
Eller - du er då ikkje åleine, korkje i verda eller i "Knarvikjæ", som handlar julegåver til borneborn - og det er sant!
Eller - er dine så spesielle og eineståande at du let ein gledespil ta makta over deg midt inne i ein travel butikk?
Nei, nei - eg trur ikkje det. Det er nok berre for oss dei er så spesielle, andre har sine unike utgåver. Eg veit det, og unner alle å ha nokon som synes dei er unike for nokon.
Men eg unner også alle julegåvehandlande å kjenna at gledespilen kjem som eit skudd og tek kontrollen i nokre sekund! Det gjer godt!
tirsdag 25. november 2014
tirsdag 18. november 2014
Husa
Til alle tider har menneske søkt ly bak vegger og under tak. I holer, i skur, i telt, i enkle hus og i slott har ein skapt eit "reir" for seg og sine. I dag legg eg ut eg nokre ord om endringar i bustadsmønsteret slik eg erfarer det frå min vesle flekk på kloden.
Dei ligg opp på hyllene sine
desse einsame, gløymde husa
Eit utelys i mørkre seier at straummålaren må avlesast
- så har det nokon å venta på
Dei sprett opp på ledige knausar
der dei andre står
Tett i tett - som fuglekassar for menneske
som har heimen sin der om natta

lørdag 15. november 2014
Den lange jakta!
I dag tek eg til ordet i ei sak eg aldri tidlegare har engasjert meg i! Rett nok har eg ein gong i mi politikartid vore medmeklar i ei intern jaktløyvestrid i ein bedehuskjellar inne i fjorden, men det har vorte med det. I tillegg, rett skal framleis vera rett - kvart år skriv eg med glede hjorteløyve på gard nr 175 bruk nr 1 i Lindås til ein nabo, og med det gjev eg ein jeger rett til å jakta i staden for meg.
Men i dag tek eg bladet frå munnen og kunngjer pensjonisten Kari sine nyerverva Karitankar, pluss eit forslag til vedtak. Det dreier seg om jakt!
For det første (og dette burde eg nok visst); - kven kan gjera om vedtak om at jakta og jegerane skal eiga utmarka frå tidleg haust og nesten til jul?
Er det rett at f eks slike turglade pensjonistar som meg, slike som utan skyteprøve og våpen i hand, skal gå med hjarta i halsen i marka ein heil haust? Eg berre spør - og når eg no heller ikkje har noko politisk rolle eller stilling, så seier eg noko eg aldri har sagt før: Kvar er de politikarar? Dette må fiksast, og det må inn i alle parti sine komande kommuneprogram - seks veker hjortejakt må vera nok!
For det andre; Eg treng ein lett, skotsikker vest til bruk i skogen under jakta inntil vedtaket er omgjort! Eg stolar ikkje heilt på refleksvesten. Blir ikkje jakttida redusert, så må alle jaktlag bli pålagt å gje oss ikkjejegerar slikt verneutstyr!
For ordens skuld, og for all del gode jegerar; Eg stolar på at de veit kva dei gjer, og eg vil også ha hjortekjøt og ein redusert hjortestamme! Men det kjennes så nagande uttrygt så alt for lenge - det kjennes som eg ikkje burde vera ute i marka på denne tida. Eg vil jo ikkje ta gleda frå dykk, og eg mistenkjer dykk så langt i frå at de vil ta gleda frå meg.
Og for det tredje og siste; Ville det ikkje blitt betre klima i jegerheimane viss ikkje ein hadde denne jakturoa i seg månad etter månad ein lang haust?
Difor, og som den sentrums- og løysingsorienterte politikaren eg har vore(og er), så presenterer er med dette mitt forslag til vedtak:
Vedtek: Det vert frå 01.01.2015 innført 6 veker trygg hjortejakt for alle (unnanteke hjorten) i kongeriket Norge! Ved ev innføring av forsøksprosjekt, blir Lindås kommune i Hordaland utpeika som forsøkskommune.

tirsdag 4. november 2014
Abonner på:
Innlegg (Atom)