Britt Romarheim fortel (foto: Borghild Sætre) |
Av og til kan kombinasjonen av lys, luft og fargar bli overstrøymande, nesten sakralt. Andre gongar kan storslåtte i fjell, fossar og brusande hav nesten ta pusten frå meg, og i undring kan eg stå og studera maurtua sine byggverk med både andakt og respekt!
Det er så mangfaldig dette livet!
På mandag hadde vi ein fantastisk septembertur i misjonsgruppa Tur&misjon i Nordhordland. Under ei sigande kveldssol, gjennom eike- og furuskog, vandra vi på ein god sti ut til neset der vi rasta. Det lukta salt sjø og sur myr, villsauene studerte oss, og makrellen viste sine spor inn i vågen! På vegen pratar vi, stifta nye bekjentskap og delte oppleving og liv med nye damer frå regionen. Nydeleg og sosialt!
I denne ramma sette vi oss ned med termos og sjokolade. Og under ei "Fager kveldsol" sitt smil, fekk vi via Britt Romarheim sitt fine innslag, hjelp til flytta tankane frå Kvalvågneset i Lindås i Norge, til ein landsby nord på Madagaskar der døve born får ny framtid gjennom kyrkja og NMS sitt arbeid.
Og frå strendene på Solskinsøya løfta vi tanken, takka og bøna opp til han som har skapt, han som frelser, og han som gjev menneske eit varig håp! Til sist gjekk den vesle kollektveska frå Madagaskar rundt, og bort i mot 2000 kr vart tilført NMS frå dette enkle "foreiningsmøte" i Vårherre si storstove! Enkelt, uformelt, sosialt og sunt!
Ca 30 kvinner har vore med. Ikkje alle kan kvar gong, men det er stadig nye som blir med. Det er kjekt for, vi vil gjerne ha mange med - stova den er stor!
Har du lyst å bli informert om turane så send e-postadr di til: karisorheim@gmail.com, eller legg igjen ein kommentar på bloggen. Neste tur er 20. okt.
Du finn oss på facebook og det blir møta annonsert. Sjekk her