I natt har eg hatt ein ferjetur saman med Erna. Ho hadde på seg den blå jakken sin, og vi sat nede i salongen med kvar vår kaffikopp. Heldigvis var det ikkje andre folk der, men ho prata stille til meg likevel. Ho sat litt frampå setet på ein plommeraud skaisofa ved eit bord med eit rundt, gråmalt røyr som gjekk opp i det låge taket. Det var Erna som prata, eg sat berre lydhøyr og vaken, og vart meir og meir overraska over at ho delte slike tankar med meg. Eg såg på det som ein stor tillit til både meg og KrF, og tillit er det godt å kjenna.
Her eg set åleine med kaffikoppen min ein tidleg onsdags morgon, har eg endå litt av den høgtidelege kjensla i kroppen, den kjensla ein får når ein har drukke kaffi med ein statsminister. For sjølv om eg har gjort det før, så har eg ikkje vorte så blasert at eg ikkje har respekt for ein statsministar. Eg har berre eit problem her set med koppen min - eg klarar ikkje hugsa kva det var vi snakka om på denne ferjeturen. Det kjennes både flaut og pinleg. Men eg har kjensla i meg endå, kjensla av at vi var einige, og at eg lova at eg ikkje skulle nemna med eitt ord det ho sa før pressemeldinga hennar var kome ut. Og det kan ho jo stola på, for eg hugsar jo ikkje kva vi snakka om.
Men akkurat her og no kan eg jo håpa det var reservasjonsretten til nokre få fastlegar rundt i landet ho sa ho ville stå opp for. At ho sa at samvitet og overtydinga må respekterast, og at ho sa at no gjer politikarar, helsepersonell, media og andre denne saka til abortkamp, og med det overser forpliktinga ein kan kjenna i høve til eige samvit. Og eg har alt sett at ho har sagt noko om dette, og eg stolar på at ho set foten ned. Lukke til Erna!
onsdag 29. januar 2014
søndag 5. januar 2014
Nokon som ser
Eg runda kyrkjeveggen
ville sjå nedom gravene før gudstenesta
- brått var eg på heilag grunn
Det sto nokon ved gravene til våre
flytta litt på pynten
ville sjå det som sto der
Eg kjente ei djup glede
Så godt at nokon vil sjå
vil lesa og ta del i
Etter litt gjekk eg forsiktig ned
vi heldt fast rundt kvarandre
- tenk berre fem år, sa ho
Godt å vera der våre er
vera der nokon kan sjå
ville sjå nedom gravene før gudstenesta
- brått var eg på heilag grunn
Det sto nokon ved gravene til våre
flytta litt på pynten
ville sjå det som sto der
Eg kjente ei djup glede
Så godt at nokon vil sjå
vil lesa og ta del i
Etter litt gjekk eg forsiktig ned
vi heldt fast rundt kvarandre
- tenk berre fem år, sa ho
Godt å vera der våre er
vera der nokon kan sjå
Abonner på:
Innlegg (Atom)