Eg har køyrt fleire hundrede mil i tredje gir fordi det var den beskjeden eg fekk inn i byen
- vi finn ikkje noko gale, sa dei til meg - tre gonger sa dei det, men eg stoppa trafikken gong på gong, og kolsvart røyk kom ut bak.
- køyr i tredje gir, sa dei
Det er pinleg å køyra i 80 og 90 i tredje gir
Eg kjenner meg som ein mann med hatt
Køyr i tredje gir var einaste løysinga eg fekk
- du reinsar systemet i tredje gir, sa dei
Men eg seier det igjen, det er pinleg å køyra på motorveg i tredje gir
Det er pinleg å køyra med leiaren i Transportkomiteen i tredje gir
Eg sette musikken høgt for å sleppa å høyra duren
Så gjekk eg til fagfolka ei mil unna
To trivelege karar lytta til meg
- køyr inn, dette må vi fiksa, ta deg ein kopp kaffi
Inga ventetid her
Ingen som sa dei måtte ha bilen nokre dagar
Bilen var full av plakatar og brosjyrer av ordføraren deira
Dei skjøna at eg måtte opp i fjerde og femte gir
- kom inn att etter valet, sa dei med eit smil, kom inn att viss du ikkje er nøgd, du treng ikkje betala i dag
I dag har eg vore inne til dei og betalt
Han hadde ein liten kaffi- og røykepause ute då eg kom
Den vart kjapt avslutta, og han kom smilande mot meg.
- Kor gjekk da, spør han
Tusen takk, sa eg, og det var rett før eg gav han ein klem før eg suste vidare i fjerde gir
Eg har slutta å køyra i tredje gir til Bergen, Voss og Stavanger
Eg skal slutta å gå over bekken etter vatn her etter!
Og det seier til dykk som skal styra der borte i Oslo - Ta lærdomen med dykk - byen har ikkje alle løysingane!
2 kommentarer:
Bare et verre enn mann med hatt. Kvinnfolk på motorveien i tredje gir. Mvh. Sigmund
vurderte å skriva noko om gamle damer med permanent, men valde å vera solidarisk med dei i kveld :-)
Legg inn en kommentar