naboen får du
han er der
Naboen var
bilstart om
morgonen lys i vindauga om kvelden
lilla potetblomar i åkeren
fisk i stampen
tobakksrøyk over gjerdet
smil og latter
gode råd og nabokunnskap
og arbeidshanda som vinka
Gode naboar treng ikkje trakka dørene
ned hos kvarandre
dørene er opneVi veit det på begge sider av gjerdet
vi veit det når vi treng det aller mest
Slik har det vore i generasjonar
Det er naborikdomen
Vi har gått nokre tunge steg mellom
husa desse dagane
og i morgon samlast vi i kyrkjaFred over minne ditt Asbjørn!