Kanskje ikkje så unaturleg i desse vårdagar, men eg undrar meg stadig over knuppen. Denne velse svarte, harde knuppen som i løpet av nokre varme vårdagar forandrar farge og form, og blir til vakre blad med uteljande fargenyansar. Det er svære krefter som bur i kuppen, og som brått kjem til syne når tida er inne.
Eg kjenner meg til tider i slekt med desse u-utsprungne knuppane. Kjenner meg i slekt med det innestengte livet i knuppen. Kanskje det hørest rart ut at eg som fartar hit og dit, som har helse, arbeidsevne og mobilitet, som er så heldig og får oppleva så mykje godt, kan kjenna på innestengte krefter.
Men slik er det. For den som lever, som tenkjer og kjenner - som tvilar og trur. For den som let seg engasjere og som har sterke ønskje om at ting skal skje. For den som vil at livet skal vera godt for alle, at arbeid skal lukkast, at dei rette avgjerdene skal takast, kan det stundom kjennast som at våren kjem seint. Då kjennes det at dei innestengte kreftene sprengjer på.
Det er den draumen vi ber på, skriv Olav H Hauge om. Kanskje er det det! Draumen må vera der, draumen og håpet om at dører skal opna seg, at berget og hjarte skal opna seg. Og draumen om at vi ein dag skal segla inn på ein våg vi ikkje visste om, held motet oppe. Draumen gjev næring til håpet, og lettar ventetida.
Det kan til tider vera slitsamt å kjenna på innestengte krefter. Det gjeld å vera tolmodig til våren og varmen kjem og sprengjer skalet. Det gjeld å venta til berget, døra og hjarte opnar seg, og den ukjente vågen kjem til syne.
Eg øver meg på å fokusera på knuppar som har opna seg, det lettar det innestengte presset. Eg øver meg på å akseptera at vi må leva med det ufullkomne inntil dagen for det fullkomne trer fram - synleg og tydeleg for alle.
"en dag skal rettferdigheten seire, en dag skal vi danse skal vi feire", syng Bjørn Eidsvåg! Då har alle knuppar opna seg, då lever vi i ei verd utan liding, smerte og innestengte krefter som ruskar i oss. Det skal bli bra, og dette er mitt kristne håp!