
Personleg har eg aldri hatt noko sterkt fokus på kvinnepolitikk. Kanskje fordi eg har vore lokalpolitikar og latt meg inspirera og engasjera av å byggja eit godt lokalsamfunn for alle. Kanskje også fordi eg sjølv har hatt ein trygg identitet, og kjent med verdsett som kvinne på dei aller fleste arenaer der eg har engasjert meg. For meg kan det endå til vera slik at eg har fått verv og tillit nettopp fordi eg er kvinne. Eg ser ikkje bort frå det.
Det som tenner meg til kvinnekamp i dag er å opplever korleis kvinner mange stader rundt i verda har det. Når eg møter jenter og kvinner som så tydeleg ikkje har dei same rettar f eks til skulegang og utdanning som menn, eller at kvinner blir menn sin eigedom, blir utnytta og ikkje har eigne rettar. Då kjenner eg kampvilje og engasjement. Gjennom NMS sitt arbeid for kvinner sine rettar og medverknad i kyrkje og lokalsamfunn rundt i verda, får eg vera med å gjera livet betre for mange kvinner. Det arbeidet er eg stolt over. Eg er stolt over at NMS har "kjønnsperspektiv og kvinner sine rettar" som eit av våre tverrgåande tema i alle prosjekt. Slik er vi på vår måte med å løfta kvinner sitt menneskeverd og sin medverknad.
På reiser til misjonslanda våre har eg erfart at det blir lagt merke til at NMS for tida har ei kvinne som leiar. Mange kvinner eg har møtt har kommentert det, og seier det er til inspirasjon. Eg tenkjer det er bra, men samstundes seier eg tilbake at Norge har ikkje så myke å slå seg på brystet for i høve til kvinner sine rettar, sett i eit litt lengre persektiv. Vi feirer f eks 100 år for kvinners stemmerett i Norge i dag, i 2013!
Ha ein god dag mine medsøstre!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar