I dag skal eg skriva om det at eg ikkje får til å skriva. Eg håpar det hjelper, for eg har noko som må skrivast snart!
Rart dette at orda og tanken ikkje alltid vil vegen ut via tastaturet. Ikkje det at eg lever tankelaust eller manglar ord, det opplevest i alle fall ikkje slik i hovudet mitt. Nei, det surrar ord, tankar og meiningar, tankar til glede og tankar til sut. Tankar eg les om andre sine tankar, og tanker som spinn vidare på det andre seier, ja endå til tankar eg innbiller meg at eg er den første som har tenkt, kan overraska meg. Så då er det er jo berre å skriva.
Men så enkelt er det berre ikkje. Ikkje viss du må skriva, og eg er der at eg MÅ! Om ikkje i dag, så i alle fall i morgon!
I dag er de første vinterferiedagen. Nydeleg vintervårdag med sol på skitne stovevindauge, med sol over bøar, grantoppar og fjord, ja med sol over alt på Skår. Til og med rett inn på sofaen til den elendige ryggen min som har tenkt å gjera vinterferien litt sur for meg, har den sendt sine varme strålar. Merkeleg forresten det med ryggen, for ryggen min brukar å vera grei den. Eg forstår ikkje kva det er den stressar med no når den kan sleppa både bilsete og kontorstol og berre ha det fint. Det er mulig den tenkjer å minna meg om at "det skal god rygg til å bera gode dagar!" For gode dagar har eg trass i skriveproblem og ein brysom rygg.
Ja, det blir berre dette som kjem på bloggen i kveld og det er skrive med eigenterapeutisk hensikt! Om det fører til at eg får skrive det eg må skriva har eg ikkje blitt overtydd om under denne skriveøkta, men det er i alle høve eit livsteikn frå meg til dykk som seier de saknar nye innlegg på bloggen min (og eg tilstår at det gjer godt for egoet mitt at ein del likar det eg skriv)
Ha ein flott kveld!