Vi likar Tore på sporet! Gripande historiar om menneske som finn sine røter, og som får hjelp til å koma vidare i livet. Programma gjer noko også med oss som ser på, dei viser oss at røter er viktig! At kanskje ikkje alle forsøka blir like vellukka får vi ikkje sjå, men er grunn til tru det.
Kvar vi kjem i frå, kven vi er, kvar vi har våre røter ligg djupt i oss menneske.
Til alle tider har det vore nokon som ikkje har fått visst, mange av dei har levd med eit sakn sjølv om dei har hatt ein god oppvekst. Kjærleik og aksept kan vega opp for mykje, men det djupe spørsmålet -kven er eg - vil liggja der. Difor er det så mange som leitar, og som tek kontakt med ulike "Tore på sporet-instansar".
Det er difor heilt ubegripeleg for meg at vi i vårt samfunn med støtte i norsk lov , skal kunna "skapa" born som ikkje skal få vita kven som er far. At det også pågår ein politisk kamp om rett til eggdonasjon, dvs at ei kvinne kan gje egg til ei anna kvinne, som får egget befrukta og sett inn si livmor, er kanskje endå meir ubegripeleg. Kven blir mor til eit slikt barn?
Det framstår for meg som eit paradoks at vi på den eine sida let oss røra til tårer over dei som endeleg finn sitt biologiske opphav, for så å snu oss trill rundt og meina at det er ok at vi med norsk lov i handa kan skapa born som ikkje skal vita kven som er far, og som får to mødre.
Dette må då vera ei avsporing. Eg er glad for at "Tore på Sporet" har sett det, og gått ut mot denne lovendringa.
Både Ap, SV, FrP og Oslo Høgre går inn for eggdonasjon. KrF og Sp seier nei. Det forventar eg at Høgre sitt landsmøte også seier.
Og så: - Det står i dag stadig fram menneske og grupper som gjer krav på oppreising og ansvarstaking frå samfunn, kyrkje og organisajonar for tap av barndom, livskvalitet og omsorg, og vi blir indignerte over fortida sine val og manglande forståing for borna.
Eg undrast - kven skal stå til ansvar om 30-40 år når dei "foreldrelause" borna vi skaper søkjer sine røter?
At ikkje fleire politiske parti ser dette er for meg uforståeleg. Eg må berre håpa at veljarane ser alvoret i dette.
mandag 28. januar 2013
fredag 11. januar 2013
Kristent kulturarv-vern
Kristen tru og kulturarv er viktig for mange, vi ser det tydeleg både i den offentlege og den private samtalen og debatten for tida. Kyrkja står sentralt som symbol og er formidlar av denne arven, og det verkar naturleg for store delar av den norske folk at slik skal det vera.
Ikkje alle tilhøyrer ei kristen kyrkje, men har eit anna livssyn, og samfunnet skal ta omsyn til det.
Debatten den siste veka etter at Stålsetutvalet har lagt fram si innstilling, viser at dette er ei sak som engasjerer. Eg synest dette er ein løfterik debatt.
Det er løfterikt at vi har ein offentleg, open debatt der vi snakkar om tru og trua sin plass for enkeltmenneske og samfunn. Vi treng ein slik debatt for å løfta fram at tru er ein viktig del av livet, at det er ok å snakka om tru, at det er lov å formidla tru, og at det er lov å skifta tru.
Mange av våre nye landsmenn har eit sterkare trusmedvit enn oss, og dei har sin rett til å leva med si tru også i Norge. Mange av dei er stolte av trua si, og eg tenkjer at vi som kristne har mykje å læra av våre nye landsmenn sitt trusfrimot. Dei fleste av oss plasserer trua inn i eit privat og lukka rom, og mange politikarar arbeider for at samfunnt vårt skal bli livsynsnøytralt.
Samstundes er det mange kristne nordmenn som er urolege for at kristen tru og tusenårig kulturarv skal mista fotfeste i landet, og eg meiner dei gjer det med god grunn.
Det er likevel eit tankekors for meg at vi så lett legg ansvaret for denne forvitringa på andre, og set oss sjølve på sidelinja. Det er så lett å tenkja at det er innvandrarar med andre religionar som er grunnen til avkristninga. Dette er alt for enkelt. Rett nok blir ofte minoritetane sine trusinteresser sett framfor fleirtalet, men det politikarane sine val - ikkje innvandrarane si skuld!
Difor vil eg meina at det er VI SJØLVE som gradvis har endra kulturarven vår! Det er VI (eg også) som har svikta vår kristne tru, og som har gøymt den inn i eit privat rom. Det er VI som ikkje steller om og vidaredyrkar kristenarven. Litt tabloid kan det seiast slik - vi "dansar rundt gullkalven", og har sett vår lit til pengar og våre mange velferdsrettar, og vi har permitert Gud.
Ein arv som ikkje blir ivaretatt vil tapa sin verdi, og ein kultur som ikkje blir dyrka og stelt om, vil bli historie.
Eg håpar den debatten som går i desse dagar vil føra til eit større medvit og frimod mellom oss ca 80% som definerer oss innanfor den kristne trua i Norge. Vi kan ikkje skulda på våre nye landsmenn, men vi kan læra av dei. Vi må ta vårt ansvar og frimodig vedkjenna oss vår eiga tru, stå opp for den, og visa kvarandre og nye generasjonar at dette betyr noko for oss. Eg oppfordrar oss til frimodig å ta eigarskap til trua vi definerer oss innanfor. Då ville det ikkje vera fare for forvitring, men kristen tru og kulturarv ville vidareutviklast og bli til glede og tryggleik. At det også vil bli ei meir spennande trusreise er garantert.

Abonner på:
Innlegg (Atom)