"Intet
nytt under solen" - heile tida blir nye menneskeborn født inn i verda. Slik har det
vore sidan det første skrik! Over heile verda, på slott og i slum ser nye
menneskeborn dagens lys. Somme er etterlengta og nøye planlagt, andre berre
melder sin ankomst. I same drakt og med nokonlunde likt eit skrik, kjempar dei
seg inn i verda! Så langt nokså likt, før ei ulik livsferd startar for menneskeborna
som skal ut i verda og leva sine liv. Innanfor sine eigne fødselsgåver, og
innafor familie og samfunn sine rammer, skal liva deira levast, formast og
utviklast. Ei spennande reise der vi som familie og samfunn har mykje glede og stort ansvar.
Godt å kunna tru på ein skapar i møte med nye menneskeliv. Godt og kunna sei med salmisten: "Eg set mi lit til deg, Herre, eg seier Du er min Gud, mine tider er i di hand. Salme 31.15
I dag må eg få presentera vår nyvunne rikdom! To nye barnebarn i haust! Det er nesten som eg ikkje heilt kan forstå at det er hjå oss det skjer! Men det er sant! På øverste bilde er det sonen Thorbjørn med sine to guttar, Lukas på 2 1/2 og Levi på 2 mnd, og under er det svigerdotter Eirin med Kaja på 9, Mathea på 3 og vesle Silas som er 3 dagar i dag!
I morgon set bestemor seg på flyet til Stavanger, kan ikkje reisa på misjonsreis til Madagaskar før ho har helst på vesle Silas (namnebror til Paulus sin misjonsreisekamerat...)
Bestemor må sjå, kjenna og lukta nyfødt! Det er alltid like stort!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar