Dette er ein test. Eg må testa blogging frå iPaden min. Godt eg har Sondre og andre datakyndige folk rundt meg. Eg tenkjer eg må klara meg med dette brettet mitt når eg skal ut å reisa. Prøver eit bilde også, eg trykkjer publiser, og så ser vi kva som skjer. Blir det dumt så må eg sletta, og får eg ikkje til å sletta må eg venta til eg kjem heim. Set nemmeleg på råduset i Bergen og ventar på at klokka skal bli fem og møtet vårt skal starta.
torsdag 15. november 2012
lørdag 10. november 2012
"Intet nytt under solen?"
"Intet
nytt under solen" - heile tida blir nye menneskeborn født inn i verda. Slik har det
vore sidan det første skrik! Over heile verda, på slott og i slum ser nye
menneskeborn dagens lys. Somme er etterlengta og nøye planlagt, andre berre
melder sin ankomst. I same drakt og med nokonlunde likt eit skrik, kjempar dei
seg inn i verda! Så langt nokså likt, før ei ulik livsferd startar for menneskeborna
som skal ut i verda og leva sine liv. Innanfor sine eigne fødselsgåver, og
innafor familie og samfunn sine rammer, skal liva deira levast, formast og
utviklast. Ei spennande reise der vi som familie og samfunn har mykje glede og stort ansvar.
Godt å kunna tru på ein skapar i møte med nye menneskeliv. Godt og kunna sei med salmisten: "Eg set mi lit til deg, Herre, eg seier Du er min Gud, mine tider er i di hand. Salme 31.15
I dag må eg få presentera vår nyvunne rikdom! To nye barnebarn i haust! Det er nesten som eg ikkje heilt kan forstå at det er hjå oss det skjer! Men det er sant! På øverste bilde er det sonen Thorbjørn med sine to guttar, Lukas på 2 1/2 og Levi på 2 mnd, og under er det svigerdotter Eirin med Kaja på 9, Mathea på 3 og vesle Silas som er 3 dagar i dag!
I morgon set bestemor seg på flyet til Stavanger, kan ikkje reisa på misjonsreis til Madagaskar før ho har helst på vesle Silas (namnebror til Paulus sin misjonsreisekamerat...)
Bestemor må sjå, kjenna og lukta nyfødt! Det er alltid like stort!
søndag 4. november 2012
Snart på reisefot
Det er stille søndags formiddag. Sola er på veg, og eg reknar med at den snart tar bort det kvite rimlage som ligg på bøane. Det er allehelgensdag, og eg har nett sett fin gudsteneste frå Hamre kyrkje, med nevø Inge Sørheim som prest. Det vart ei god stund!
Denne helga blir det mykje Madagaskarfokus. Eg har fått reiseprogrammet, eg les misjonshistorie, og eg oppdaterer meg på situasjonen på solskinnsøya slik den er i dag. 17. nov. er eg på veg. Har nett bladd i, og delvis lese på nytt boka av Øystein Mikalsen, "Frelsen kommer", og eg kjenner at dette kan bli spennande - og utfordrande - og slitsamt - og kjekt - og meiningsfylt - og inspirerande - og sikkert mykje meire.
Vi skal reisa øya på kryss og tvers - og eg øver tunga på namn som Antananarivo, Marolambo, Ihosy, Fianarantsoa, Antsirabe og Mahajanga og meire til. Eg ser eg skal reisa med både småfly(MAF-fly) og elvebåt. Med bil og til fots! Spennande! Eg skal møta alle misjonærane, og få innsikt i prosjekta deira.
Eg ser fram til å møta nyskapningen, kultur-og kompetansesenteret Lavosoa, og møta bebuarar i omsorgsbyen Mangarano. Vi skal på presteskule og døveskule og jordbruksskule - alt dette kjem til å treffa både hjarte og tanke og engasjement!
På denne øya har NMS hatt arbeid sidan 1867, og mange hundre misjonærar har gjort teneste her. Lenge var arbeidet på Madagaskar misjonen sitt arbeid. I dag er det den gassisk lutherske kyrkja sitt arbeid. I dag er vi partnarar med ei levande kyrkje som er sterk på menneskelege og åndelege ressursar, men som er fattige på pengar og materielle goder. Vi representerer eit land som er rike på pengar og materielle ressursar, men på mange måtar fattige på åndelege ressursar og levande tru. Difor treng vi kvarandre!
Eg har sett meg som mål å ha med meg 50 000 kr når eg reiser. Målet er snart nådd, manglar berre nokre tusenlappar (følg lenka her om du vil gi!) Så ønskjer eg at eg kan ta med meg heimatt åndelege og trusstyrkjande erfaringar frå møte med medkristne, og kunnskap om folk, kultur og samfunn frå eit folk som har det så annleis enn det eg kjenner.

Abonner på:
Innlegg (Atom)