
Songen som får meg til å tenkja på denne trappa har eg sunge i gravferd i dag - songen av Per Sivle - og setninga som får meg til å tenkja på lemstrappa er denne, "dei synte meg ein fager veg opp frå vår vesle stova"
Til langt opp i barneåra tenkte eg at den vegen det var lemstrappa det! Den gjekk frå stova og opp der eg skulle sova. Opp til soverommet der mor og far, og etter kvart tre jenter sov. Så enkel var mi tolking!
Eg har etter kvart forstått at det ikkje er lemstrappa det er snakk om. Eg har på nytt oppdaga det i dag når eg har fylgt ei god mor, bestemor,oldemor og tippoldemor til grava og vi har sunge denne songen. Eg har sett i dag på nytt at det handlar om noko anna enn ei gråmalt trapp!
Det handlar om verdiar som både løftar og festar oss, og som gjev oss himmel over livet og styrke til kvardagen.
Mange mødre og fedre har med og utan tone sunge verdiane inn i barnehjarte og barnetanke. Verdiar som har gjeve barnet retning og kurs for både gode og tunge dagar og netter! I min generasjon er vi mange som "høyrer stilt frå mor si grav" og takkar for det vi høyrer, og eg gler meg over foreldre som formidlar verdiane vidare til sine små! Det ligg livskraft og livsmeistring i slik formidling!
Tryggleik og omsorg, og tru på ein Frelsar og ein himmel.