Årstidene er fascinerande - vinter, vår, sommar, haust- År ut og år inn er det slik. Eit hjul som rullar og går, rundt og rundt. Kvar årstid si oppgåve, sin farge, si luft og si forventning.
I dag fyrer eg i omnen for første gong i haust, og den gode ovnsvarmen inntek stova. Sauene går våte i ulla sørom garden, og nordom går nokre småfrostige kviger og gneg dei siste håstråa, og eg innbiller meg at dei lengtar inn i fjøsen etter kvart. Berte i nabohuset har fått potetene i hus, og eg tenkjer at i morgon Kari, då må du ut å få blomsterkrukker og mjølkespann i hus. Det er ein lite freistande tanke, eg kjenner eg frys litt ved å tenkja den.
Sist fredag var eg på Fræna. Der var det gule kornåkrar, og i haustsola var dei eit syn. Våren og sommaren hadde gjort sitt med frøet, og det var innhaustingsklart. Rart at desse små korna på toppen av stråa er så verdifulle for livet! Rart å tenkja på at frøet, jorda, vatnet og lyset i fellesskap lagar mat! Er kjenner ærefrykt for jorda og livskreftene i den, og for runddansen i naturen som gjev kvile, grotid, vokster og innhausting. Difor gjer det meg godt at partiet mitt fremjar forslag om jordvern i Grunnlova.
- Vi har kort vekstsesong, seier ein smilande landbruksminister oppatt og oppatt. -Vi har det kaldt og vått og bratt, seier han også. Sant det. Men vi har det godt, og vi har kunnskap og økonomi og muligheter - 10% av inntekta vår går til mat, høyrde eg på debatten på TV i går, resten må vi ha til å reisa, oppleva, kjøpa bilar, hus og hytter for sa Hegnar. Han meiner det visst også. Eg har ikkje særleg greie på toll, importvern, EU-reglar og kva det no heiter, men eg meiner vi har grunn til å stoppa opp og tenkja over at dei aller fleste av oss har det godt i dette landet, sjølv om vekstsesongen er kort, og vedfyringa startar i september. 10% av innteka går til mat, viss det er sant....
Eg skal som de nok har registrert, til Madagaskar om eit par månader. Eg er spent, eg veit eg møter ei verd som er ganske annleis enn vår. Det kjem til å gje meg nokre veker kortare vinter, og det blir sikkert godt, men eg veit det kjem til å gjera noko langt meir grunnleggjande med meg - Eg er spent på kva det blir.
Ha ei god hausthelg der du er!
Legg lenka til prosjektet mitt her også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar