Årstidene er fascinerande - vinter, vår, sommar, haust- År ut og år inn er det slik. Eit hjul som rullar og går, rundt og rundt. Kvar årstid si oppgåve, sin farge, si luft og si forventning.
I dag fyrer eg i omnen for første gong i haust, og den gode ovnsvarmen inntek stova. Sauene går våte i ulla sørom garden, og nordom går nokre småfrostige kviger og gneg dei siste håstråa, og eg innbiller meg at dei lengtar inn i fjøsen etter kvart. Berte i nabohuset har fått potetene i hus, og eg tenkjer at i morgon Kari, då må du ut å få blomsterkrukker og mjølkespann i hus. Det er ein lite freistande tanke, eg kjenner eg frys litt ved å tenkja den.
Sist fredag var eg på Fræna. Der var det gule kornåkrar, og i haustsola var dei eit syn. Våren og sommaren hadde gjort sitt med frøet, og det var innhaustingsklart. Rart at desse små korna på toppen av stråa er så verdifulle for livet! Rart å tenkja på at frøet, jorda, vatnet og lyset i fellesskap lagar mat! Er kjenner ærefrykt for jorda og livskreftene i den, og for runddansen i naturen som gjev kvile, grotid, vokster og innhausting. Difor gjer det meg godt at partiet mitt fremjar forslag om jordvern i Grunnlova.
- Vi har kort vekstsesong, seier ein smilande landbruksminister oppatt og oppatt. -Vi har det kaldt og vått og bratt, seier han også. Sant det. Men vi har det godt, og vi har kunnskap og økonomi og muligheter - 10% av inntekta vår går til mat, høyrde eg på debatten på TV i går, resten må vi ha til å reisa, oppleva, kjøpa bilar, hus og hytter for sa Hegnar. Han meiner det visst også. Eg har ikkje særleg greie på toll, importvern, EU-reglar og kva det no heiter, men eg meiner vi har grunn til å stoppa opp og tenkja over at dei aller fleste av oss har det godt i dette landet, sjølv om vekstsesongen er kort, og vedfyringa startar i september. 10% av innteka går til mat, viss det er sant....
Eg skal som de nok har registrert, til Madagaskar om eit par månader. Eg er spent, eg veit eg møter ei verd som er ganske annleis enn vår. Det kjem til å gje meg nokre veker kortare vinter, og det blir sikkert godt, men eg veit det kjem til å gjera noko langt meir grunnleggjande med meg - Eg er spent på kva det blir.
Ha ei god hausthelg der du er!
Legg lenka til prosjektet mitt her også.
fredag 28. september 2012
fredag 14. september 2012
Byggeprosjekt
Eg har tatt på meg eit stort byggeprosjekt, og til det treng eg minst 50 000 kr. 18. november reiser eg til Madagaskar, og eg ønskjer å ha med meg kapital til prosjektet! Eg ønskjer å ha med noko til dette fattige landet og til kyrkja der, og eg brukar konseptet som NMS har som heiter "byggenkirke.no". Eg tar ikkje mål av meg å byggja ei kyrkje på 14 dagar, men eg ønskjer at kyrkja skal få støtte til sjølv å byggja. Støtte til å byggja anten det er ei enkel kyrkje, eller det er til å byggja innhald i den.
Eg tenkjer:
Om eg hadde x antall venner som gav 1000 kr til prosjektet!
Om eg hadde x antall venner som gav 500 kr til prosjektet!
Om eg hadde x antall venner som gav 100, 200, 300 eller 3000 kr!! Då hadde eg nådd målet mitt!!
Eg har mange venner som støttar misjonen med tildels stor summar, og som tenkjer at dette kan dei ikkje vera med på no. Det er heilt ok. Eg veit også at eg har venner som ikkje kan tenkja seg å gje til misjon i det heile. Det har eg respekt for. Men eg har også mange venner som er positive til misjon men som ikkje gjev så mykje til arbeidet. Dykk er eg frimodig ovanfor! Eg tenkjer faktisk at eg kan hjelpa dykk til å oppleva at det er flott å vera med på dette byggeprosjektet.
Kanskje er eg vel optimistisk- eg veit ikkje? Men eg er frimodig, eg ber ikkje for meg sjølv, eg ber for menneske og ei kyrkje som lever under forhold vi ikkje heilt kan setja oss inn i..
Eg kjenner ei stor glede over å få vera med i eit stort verdsomspennande misjonsarbeid. Eg kjem til å skriva litt om dette utover hausten, eg er som de veit glad i å blogga og å bruka facebook. Det blir nok ein del Madagaskar utover hausten.

Abonner på:
Innlegg (Atom)