Ferie er eit rart ord. I min oppvekst var ferie noko berre byfolka hadde. Dei kom på bussen i Isdalstø, og fylte den opp med koffertar, sekkar, ungar, materialar til hytta, og ikkje minst med bymål. Vi strilane vart litt tause på bussen slike dagar. Bussen fekk ofte nye stopp "flytte på landet- dagar", det synes vi var rart. Byfruene (ikkje alle rett nok, for nokre var utflytta bygdefolk), forventa faktisk at Sverr'n stoppa bussen ved deira hytteveg. Slikt vågde ikkje vi!
på nabotrappa på 50 talet saman med byfolket |
Då vi vart eldre fekk vi reisa på leir. Bestemor i Vågen spanderte. Det vart dei første "reisebortopplevingane" eg fekk, men dei var til gjengjeld svært så gode! Misjonsleir på Kvamshaug vart avgjerdande viktig for meg! Dei sommaropplevingane gav meg også spenning og utvikling, og har prega heile livet! Eg møtte heile verda på leir, framande land og kulturar kom nær gjennom misjonæren si store forteljarglede. Vi møtte kulturar der ikkje eingong skuleferie var ein del av tilværet - fordi det ikkje var nokon skule å gå på.
Det kristne fellesskapet vart også utvida, og barnetrua fekk næring og vaks! Kallet til misjon modnast på leir, og ein vakker leirdag kom ein flott ung teologistudent i min veg. Det er faktisk i år 40 år sidan den sommaren vi ikkje hadde tid til å ha bryllup før langt uti august, fordi leirsesongen måtte vera avslutta før bryllupet!
Gjev at mange gutar og jenter og vaksne med, får gode annleis dagar denne sommaren. Gjev at gode relasjonar kan byggjast, og at tru og kall får gro også denne sommaren!
Vi treng annleis dagar, og vi kan gjerne kalla det ferie! God sommar!