Då eg var 11 år flytta vi frå denne staden, og opp til vegen. Det var berre nokre minuttar å gå, men det var dramatisk nok for meg. Eg skjønar at far og mor valde den løysinga i dag, men eg skjøna det ikkje då. Eg lengta tilbake til huset, til dyra og sjøen. I dag ser floren vår ut som på bildet over. Selja veks inni den nedrivne løa, som den gjer det i så mange nedrivne gamle løer.
Utanfor denne gråsteinsmuren hadde eg mi første medvitne oppleving av det å vera til, og å vera ein del av den store samanhengen! Ein mørk, stjerneklar vinterkveld låg eg i snøen ved løemuren og såg opp på den svimlande stjernehimmelen. Det vart ei sterk oppleving for den vesle jenta, den set i henne framleis. Der ho låg i snøen fekk ho ei kjensle av å vera eitt med denne himmelen - Guds stjernesmykka golv! Der oppe var Gud, og han såg henne der nede i snøen, det var ho sikker på. Far var i floren, mor og dei andre inne i huset, ho kjende seg tvers igjennom trygg, kjende at ho høyrde til! Ho høyrde til på Skår, hjå mor, far, søstre og dyr, og ho høyrde til i Guds store verd, han som såg henne, vesle Kari i snøen.
Heldige vesle jente tenkjer den vaksne jenta! Varige verdiar frå barndommen! Då får det heller våga seg at selja veks der høyet skulle ha vore!
Det kjennes godt å ha flytta tilbake til barndommens rike, men det er ganske greit at ikkje huset står der det sto, det var nok eit framtidsretta valg foreldra mine gjorde. No har eg glede av å gå turar i dette landskapet, og over dei velfriserte bakkane til Ottar. På tunet hans er nesten alt som før, og på fine vårdagar er det lite som kan måla seg med ein tur "rundt Skår".
2 kommentarer:
Nydelige bilder, nydelig beskrivelse - og en utrolig fin blogg du har! Takk for alt du deler. Har lest flere av dine tekster her, og likte så godt innlegget "til eit nyskapt barnebarn" - det fikk frem tårene hos meg. Ønsker deg gode dager!! Mange klemmer, Spirea
Takk for respons og gode ord!
Legg inn en kommentar