Vi har hatt besøk av ein liten Oslogutt på vel to år i pinsehelga, og vi ser han kosar seg når han med eit lurt glimt i auga og eit smil om munnen seier - "det gå'kke an!" - Vi blir stolte, og gler oss over barnebarnet som har oppdaga talekunsten! Ingen over og ingen ved sida av guten vår, og vi slår fast at det faktisk går an! Det går an at stadig nye menneskeborn lærer orda og språket, og takk for det - det er ein spennande livsfase.
Språket er ei gåve. Stundom tenkjer eg- tenk om vi ikkje hadde hatt orda! Vi har berre 29 bokstavar i alfabetet vårt, men du verden kor mange ord det kan bli av det! Andre gongar let eg meg frustrera over at eg er så lite språkkunnig, at det er så mange spennande menneske, historiar og kunnskap som går meg forbi fordi eg eg har lært for lite språk. På den første pinsedagen skjedde det eit språkunder - utan språkkurs og langvarige studier tala læresveinane på mange ulike språk! Folk undra seg som rimeleg var, og spurde - "er ikkje dette gallilearar - korleis kan det ha seg at dei snakkar på vårt språk?" Legen Lukas, som har skrive Apostelgjerningane, ramsar så opp alle folkegruppene og språka som var representert i folkehavet den første pinsedagen. Underlege ting, eg let meg imponera! Og eg får lyst å sei, som vår vesle Lukas med Oslo-dreis seier det - "det gå'kke an!"
Men det går an! Kyrkja vart fødd denne dagen, og ved Heilagandens nærvær lever den vidare mellom oss. Av den same ande blir vi drivne vidare for at alle menneske skal få høyra om Kristus på sitt eige språk og oppleva Heilaganden si kraft!