Ein liten knupp med livskraft i, så ny men alt så nær
Ein spire langt der inne i ei vakker skapingsverd
Om livet ditt er nyskapt nytt, du høyrer til oss her
Gud vare deg du vesle
frø i mørke, varme verd
Eit storskapt under
visst du er, på starten av di ferdBruk tida godt i landet ditt, finn styrke, vokster god
Du har di skapingstid i livet ditt, i verda di nett no
Takk Gud for livsens
under stort, i djupe, dunkle rom
Takk for at barnebarn
blir til, at liv på nytt det komStyrk mor og far og gjev dei glede, tryggleik god
Lat kjærleiksfrukta veksast sterkt frå livet til dei to
Så skal du vita vesle
frø langt inne i di verd
Det gjer eit best’morshjarta
godt å vita du er derOg bestemor vil be kvar dag, for deg og far og mor
Og takka for eit underverk, eit heilt nytt liv på jord!
Helsing bestemor
1 kommentar:
Godt sagt av Bill Gaither
Legg inn en kommentar