Livet er sjeldan heilt i balanse. Gode oppturar blir ikkje svarte med nedturar, og nedturar blir ikkje alltid oppvegde av gode oppturar. Slik er livet, vi har alle våre erfaringar med det.
"Det skal god rygg til å bera gode dagar", seiest det, og "det er i motbakkar det går oppover" vert det også sagt. Livserfaring skaper slike utsegn.
Om eg skulle gjera eit forsøk på å balansera mi veke med fem pluss og fem minus, kan det kanskje gjerast slik:
Fem pluss:
- huset er ryddig og påskepynten er (omsider) fjerna
- NMS sitt gode økonomiske resultat fyller meg med glede og takk
- bøane våre har fått rette grønfargen for årstida, og også i dag surrar det traktorar der
- har vore barnevakt for jentene mine på Bogafjell for første gong
- har fått arbeidd saman med mange dyktige menneske eg deler engasjement med i politikk og misjon, og snart kjem Knut heim
- den uverkelege, men likevel verkelege rettsaka som pågår, og som pregar oss alle
- den kritiske situasjonen for folket i Mali
- venner har blitt ramma av alvorleg sjukdom
- fekk ikkje gjort alt eg skulle denne veka heller
- har bevega meg alt for lite, og det kjennes i kroppen at eg har site for mykje i ro
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar