onsdag 4. april 2012

Helgeaftanskjensle

Har helgeaftanskjensle i ettermiddag. Eg likar den kjensla, særleg før påske.
Det er stille før stormen på fleire måter denne onsdagsettermiddagen. I morgon er det skjærtorsdag. Eg kjenner på dramatikken i påska sin skjærtorsdag og langfredag, og det er godt å gje det plass ei stille ettermiddagsstund. "Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg" les vi. Dette er langfredagsbodskapen.
Eg ser at Einar Gelius i VG i dag meiner at kyrkja lærer feil når den lærer at Jesus døydde for å sona for syndene våre. At det er feil at han ved sin død opna veg for oss til Gud.
Eg er glad for å vita at det ikkje er Gelius, men Bibelen og vår kyrkje si lære som skal få fortelja oss innhaldet i påskehistoria. Men tanken er fri og ordet er fritt. Likevel må nye innspel prøvast, og kristen tenkning og tru skal prøvast på Bibelen.
Eg vil også denne påska bruka bøna av Jakob Sande som hjelp til å koma påskedramaet nærare. Den kjem nær smerten, trua og frelsa:
"Lær mi sjel kva du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Vis meg dine merkte hender så eg  frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du!"

Men helgeaftanskjensla er også prega av sitrande forventning til alt som skal skje denne påska, og av ei god kjensle av å vera i rute. Påske er tid for familie, marsipan, friluftsliv, og gode vårdagar med rekreasjon og fellesskap. I dag har eg førebudd vår heimepåske. I morgon fylles huset med to born, to svigerborn og to barneborn. Då blir det liv i stovene! Herleg påskelukke! Udiskutabelt!
God påske!

Biletet ”Fra tornekrone til seierskrone”  er frå alterteppe i Minnekirken i Albir-Villajoyosa og er vevd av Else Marie Jakobsen!

Ingen kommentarer: