"Lat oss elska kvarandre for kjærleiken er av Gud"
Dette handlar denne søndagen om, og teksten utfordrar oss på eit viktig og vanskeleg tema.
Fransav Asissi sin historie og liv let eg med fascinera av. Tenk å leva, tenkja og handla slik han gjorde!
Hans kjente bøn er vel verdt å be og å grunna på i solskinnet i dag!
God søndag!
Herre gjør meg til redskap for din fred!
La meg bringe kjærlighet der hatet rår.
La meg bringe forlatelse der urett er begått.
La meg skape enighet der uenighet rår.
La meg bringe tro der tviler rår.
La meg bringe sannhet der villfarelse rår.
La meg bringe lys der mørket ruger.
La meg bringe glede der sorg og tyngsel rår!
Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket som å elske!
For det er gjennom at man gir at man får.
Det er ved å glemme seg selv at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre at man selv får tilgivelse!
Det er ved å dø at man oppstår til det evige liv!
Amen
søndag 29. april 2012
søndag 22. april 2012
Til eit nyskapt barnebarn
Gud signe deg du vesle frø i mørke, varme verd
Ein liten knupp med livskraft i, så ny men alt så nær
Ein spire langt der inne i ei vakker skapingsverd
Om livet ditt er nyskapt nytt, du høyrer til oss her
Bruk tida godt i landet ditt, finn styrke, vokster god
Du har di skapingstid i livet ditt, i verda di nett no
Styrk mor og far og gjev dei glede, tryggleik god
Lat kjærleiksfrukta veksast sterkt frå livet til dei to
Og bestemor vil be kvar dag, for deg og far og mor
Og takka for eit underverk, eit heilt nytt liv på jord!
Ein liten knupp med livskraft i, så ny men alt så nær
Ein spire langt der inne i ei vakker skapingsverd
Om livet ditt er nyskapt nytt, du høyrer til oss her
Gud vare deg du vesle
frø i mørke, varme verd
Eit storskapt under
visst du er, på starten av di ferdBruk tida godt i landet ditt, finn styrke, vokster god
Du har di skapingstid i livet ditt, i verda di nett no
Takk Gud for livsens
under stort, i djupe, dunkle rom
Takk for at barnebarn
blir til, at liv på nytt det komStyrk mor og far og gjev dei glede, tryggleik god
Lat kjærleiksfrukta veksast sterkt frå livet til dei to
Så skal du vita vesle
frø langt inne i di verd
Det gjer eit best’morshjarta
godt å vita du er derOg bestemor vil be kvar dag, for deg og far og mor
Og takka for eit underverk, eit heilt nytt liv på jord!
Helsing bestemor
lørdag 21. april 2012
Pluss og minus
"Livet har lært oss om vinning og tap, nåkka går opp, nåkka ned", syng Hans Inge Fagervik, og vi kan samstemma.
Livet er sjeldan heilt i balanse. Gode oppturar blir ikkje svarte med nedturar, og nedturar blir ikkje alltid oppvegde av gode oppturar. Slik er livet, vi har alle våre erfaringar med det.
"Det skal god rygg til å bera gode dagar", seiest det, og "det er i motbakkar det går oppover" vert det også sagt. Livserfaring skaper slike utsegn.
Om eg skulle gjera eit forsøk på å balansera mi veke med fem pluss og fem minus, kan det kanskje gjerast slik:
Fem pluss:
Livet er sjeldan heilt i balanse. Gode oppturar blir ikkje svarte med nedturar, og nedturar blir ikkje alltid oppvegde av gode oppturar. Slik er livet, vi har alle våre erfaringar med det.
"Det skal god rygg til å bera gode dagar", seiest det, og "det er i motbakkar det går oppover" vert det også sagt. Livserfaring skaper slike utsegn.
Om eg skulle gjera eit forsøk på å balansera mi veke med fem pluss og fem minus, kan det kanskje gjerast slik:
Fem pluss:
- huset er ryddig og påskepynten er (omsider) fjerna
- NMS sitt gode økonomiske resultat fyller meg med glede og takk
- bøane våre har fått rette grønfargen for årstida, og også i dag surrar det traktorar der
- har vore barnevakt for jentene mine på Bogafjell for første gong
- har fått arbeidd saman med mange dyktige menneske eg deler engasjement med i politikk og misjon, og snart kjem Knut heim
- den uverkelege, men likevel verkelege rettsaka som pågår, og som pregar oss alle
- den kritiske situasjonen for folket i Mali
- venner har blitt ramma av alvorleg sjukdom
- fekk ikkje gjort alt eg skulle denne veka heller
- har bevega meg alt for lite, og det kjennes i kroppen at eg har site for mykje i ro
onsdag 4. april 2012
Helgeaftanskjensle
Det er stille før stormen på fleire måter denne onsdagsettermiddagen. I morgon er det skjærtorsdag. Eg kjenner på dramatikken i påska sin skjærtorsdag og langfredag, og det er godt å gje det plass ei stille ettermiddagsstund. "Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg" les vi. Dette er langfredagsbodskapen.
Eg ser at Einar Gelius i VG i dag meiner at kyrkja lærer feil når den lærer at Jesus døydde for å sona for syndene våre. At det er feil at han ved sin død opna veg for oss til Gud.
Eg er glad for å vita at det ikkje er Gelius, men Bibelen og vår kyrkje si lære som skal få fortelja oss innhaldet i påskehistoria. Men tanken er fri og ordet er fritt. Likevel må nye innspel prøvast, og kristen tenkning og tru skal prøvast på Bibelen.
Eg vil også denne påska bruka bøna av Jakob Sande som hjelp til å koma påskedramaet nærare. Den kjem nær smerten, trua og frelsa:
"Lær mi sjel kva du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Vis meg dine merkte hender så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen du!"
Men helgeaftanskjensla er også prega av sitrande forventning til alt som skal skje denne påska, og av ei god kjensle av å vera i rute. Påske er tid for familie, marsipan, friluftsliv, og gode vårdagar med rekreasjon og fellesskap. I dag har eg førebudd vår heimepåske. I morgon fylles huset med to born, to svigerborn og to barneborn. Då blir det liv i stovene! Herleg påskelukke! Udiskutabelt!
God påske!
Biletet ”Fra tornekrone til seierskrone” er frå alterteppe i Minnekirken i Albir-Villajoyosa og er vevd av Else Marie Jakobsen!
Abonner på:
Innlegg (Atom)