Viss sola kjem i dag, (og det er akkurat som eg trur det kan skje, for ho var her faktisk i går), ja då skal eg helsa henne velkomen med glede! Eg innrømmer at eg nesten hadde gløymt heile sola ei stund, men sist helg var eg oppom skyene nokre gonger, og til mi store glede oppdaga eg at sola faktisk var der oppe! Høgt oppe, mange tusen fot etter det kapteinen seier, møtte eg den strålande sola. Ho laga eit eventyrland av skylaga, ja sjeldan har eg sett slike skyformasjonar som eg såg sist helg. Eg sat med smilet om munnen og fryd i sjela over den fantastiske verda høgt der oppe, og for gleda over at sola ikkje hadde slokna.
I går vakna vi til ei rask lettande skodde, og ei sol som kom med smil og varme, med stadig fleire opna krokusar og svulmande påskeliljeknoppar, med tørr asfalt og motorsagdur i lia. Sola kom med lufting av tepper, og med kaffikopp saman med nabo og tjeld i fjæresteinane! Lukkelørdag, rett og slett!
Viss sola kjem i dag vil eg også sjå det den avslørte for meg i går - dvs lengesidanpussa vindauge, støv i krokar, og visna kvistar og lauv på tunet. Sola vil på nytt visa meg at eg har litt å "hengja fingrane i", men det er heilt greit for i dag er det søndag.
Om sola også kjem over søndagsteksten i dag, er det godt. Maria budskapsdag heiter denne søndagen som vakna til sommartid og fekk så tidleg ein morgon. Den kjem med forteljinga om ho som på forunderleg vis vart mor til han som vi set vår lit til. Teksten i dag må møtast med tru, noko anna nyttar ikkje for meg.
Eg ventar på at sola snart kjem over søndagen til sollengtande vestlendingar, og andre solunderernærte kroppar rundt i kongeriket. Eg ber at lyset også skal koma inn i kyrkje og forsamlingshus og kasta undring og glede over mysteriet og det heilage i dag . Eg ønskjer sola kjem og opnar både knoppar og sinn, og fyller bleike sollengtande andlet og sjeler med glede og farge!
God søndag!
Bildet er laga av søster Ingvild
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar