
Så har eg oppdaga dette artige spelet på I-Paden som heiter Wordfeud! Det er jo SÅ moro for ei slik som meg som likar ord! No spelar eg på nettet med dei eg spelte Uno, Monopol og Ludo med for 20 år sidan. Det er kjekt! Så chattar (fantastisk nynorskord)vi litt innimellom, og kontakten er der.
Nettverda er fabelaktig, sjølv eg med min sterkt begrensa kunnskap, innser det. Eg takkar alle mine "støttekontakter"- mann, born og unge kollegaer som hjelper meg inn i denne verda.
Stoltenberg snakka om nabokjerringar på nett i nyttårstalen sin. Eg skulle gjerne ha vore ei av desse dei siste dagane. Tastar du ei meining ikkje alle deler, ja då kan du brått ha heile nettvreiden over deg! Som eld i tørt gras spreier bodskapen seg gjennom det usynlege nettet, og det er ingen grenser for kva du har lov å skriva eller slengja ut mot ein meiningsmotstandar. Det har ein av mine unge venner opplevd denne
helga.Eg skal ikkje sei eit einaste ord korkje om hans meining eller om motstandarane sine meiningar, men eg har lyst å vera ei nabokjerring som seier til vaksne forstandige, og unge dyktige og intelligente menneske - bruk argument- ikkje bannskap, trakasering og skittkasting! Det passar seg dårleg i eit demokratisk samfunn der vi skal ha lov å meina, ytra og diskutera.
Det skulle vore ei slik ordbok på facebook og twitter og nokre nettaviser også. Det har eg oppdaga denne helga. Viss ikkje vi klarar å argumentera med eit nokonlunde saklige språk, ja då spørs det om eg må melda meg som ei språkvaskande nabokjerring!!
1 kommentar:
Du held deg verkeleg oppdatert Kari! Reknar med du vil lære vidare : ) Både dette og anna!
Legg inn en kommentar