Då eg var lita sto eg ofte om sommarkveldane ved gjerdet ned mot sjøen og såg på båtane som rodde ned med stranda. Eg hadde veldig lyst å vera med i båt, men vi hadde ikkje slikt framkomstmiddel, og mor og far var heller ikkje glade i sjøen. Eg hugsar ein kveld at det skjedde det eg hadde håpa på lenge, nabo Johannes ropa og sa eg måtte gå inn til mor og sei at i kveld skulle eg vera med ut og fiska. Det var lukke det! Men eg har aldri blitt glad i sjølivet, og for meg er det heilt ok at båten vår står på ei tralle nede i Haugane.
På Madagaskarturen min sto det båtreise i programmet mitt. Eg la ikkje så mykje vekt på det, det var dei siste dagane, og eg tok ein dag om gongen. Difor møtte eg lydig opp ved strandkanten i Mahajanga kl 0500. Eg tilstår at motet seig litt når eg såg båten og såg kor mange som skulle vera med. Men som mor ofte sa: "den som ut er komen, må ute vera". Vi var 13 personar som steig ombord. Både norske og gassarar. Frukosten vart servert ombord,
Trond Henrik hadde med både kaffi og bagettar. Motet var tydeleg og synleg hos dei fleste, og eg roa meg med at går det for dei så går det vel for meg også.
|
Båten vi reiste med |
Som biletet viser var ikkje båten så stor, og vi sat tett mot kvarandre. I mellom beina mine og han som sat rett over meg sto ei korg med tre sprell levande høner. Innimellom kjempa dei for fridom, men dei var overraskande rolege. Dei skulle bli til middag litt seinare
Turen bar ut i Mozambiquekanalen og målet var byen Boeny Aranata ca tre timars reise nord/vestover. Oppgåva var å møta folket der, og ha gudsteneste med nattverd for dei få kristne i denne muslmiske landsbyen i strandkanten.
Her set eg med rimeleg godt mot på veg utover! Den lunka sjøen slo inn over oss inn i mellom, men vi tørka raskt opp att i sola.
Det første biletet viser ilandstigning i landsbyen og her fann vi tenlege groper på stranda som tente til fotvask for gjørmete kvite leggar. Varmen slo i mot oss då vi steig i land, veit ikkje kor mykje, men tippar nærare 40 enn 30.
Vårt første møte var ein høflighetsvisitt hjå landsbysjefen. Han er muslim og tok godt i mot oss.
Hønene vart avlevert, og to lokale kvinner tok seg av matlaginga.
Den lokale kyrkja var ikkje stor, og kyrkjelyden ba oss om støtte til å byggja ny og større. Vi møtte også to menn frå ein naboby ca ei mil unna som også så gjerne ville ha hjelp til å få seg kyrkje.
Kyrkjelyden denne dagen hadde flest utlendingar, men nokre av folket i byen kom, og vi hadde ei god stund i dette enkle kyrkjerommet.
Hønene og risen vart severt på golvet, og det smaka godt.
Etter middag var vi på husbesøk hjå tre familiar, to kristne og ein muslims, og vi vart møtt med varme og respekt.
Turen heim har eg ingen bilete av. Grunnen var ganske enkel at vi raskt måtte pakka ned det som ikkje burde bli vått. Vinden hadde auka og bølgjene slo inn i båten. Det vart ein lang og våt tur, over fem timar der lunka hav slo over oss. Om eg lika det? Nei! Eg innrømmer at eg vart både trøytt, redd og våt. Sola gjekk ned og det vart mørkt og kaldare. Fullmånen avløyste sola og eg tenkte at dette burde eg oppleva litt eksotisk også. Eg klarte det inn i mellom, men var ufatteleg glad då vi nådde byen og eg kunne subba meg opp på det fine hotellet, få meg ein varm dusj og krypa under lakenet. Dette vart utan tvil den lengste og mest spesielle dagen på heile reisa.
Når alt er over så er eg glad for denne turen. Det er imponerande kva kyrkja mobiliserer for å nå unådde landsbyar både med sjukestove, vatn, opplæring og forkynning. Det er mange slike veglause unådde landsbyar i dette området. Eg har også fått erfara på nært hald at sjølv om NMS har vore på Madagaskar i 150 år, så er det endå unådde område Eg er stolt over misjonærane våre som står i dette arbeidet! Dei treng både mot og styrke. Eg takkar dykk for at de tok sjangsen på å ta meg med, men det var bra at de ikkje hadde informert meg om alt som kunne henda før vi drog...
PS! beklager dårlege bilder, men slik vart dei denne dagen :-)