Det har blitt lite med blogging i det siste. Lesarane mine har registrert det, og eg må jo vera ærleg å tilstå at det har gjort godt for egoet mitt at somme har gitt uttrykk for at dei saknar oppdatering. Eg lovar, det kjem!
Eg har forstått at stor forfattarar og skribentar av og til kan bli ramma av dei dei kallar skrivetørke. Om det er det eg er råka av kan eg ikkje svara sikkert på. Eg vil vel helst tru at det er sesongarbeidet i min bransje som fortrengjer skrivegleda og legg den i dvale for ei tid. Det er hektisk for ein partisekretær i desse dagar.
Men, når eg først er her så må eg få sei - alle treng ikkje stemma på dei store som er i vinden, må eg berre få be om at du klikkar deg inn her. Godt val.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar