I kveld set eg på eit hotellrom i Dronningens gate i Oslo. Med vindauga litt på gløtt kjem det mange framande lydar inn. Trafikk, høge stemmer, larm og udefinerbare storbylydar. Eg set her og filisoferar over kor annleis desse lydane er enn dei lydane eg til vanleg bur mellom. Det er stor skilnad, og eg veit kva eg likar best, og er heilt sikker på kvar eg høyrer heime! Bymenneske har eg aldri vore, og det er liten grunn til å tru at eg skal endra meg mykje på det området.
Her i denne støyen, i dette mylderet av lydar, kjem det fram eit bilete av nokre menneske eg passerte ned i gata her litt tidlegare i dag. 20-30 slitne menneske eg møtte i Skippergata. Politi og vektarar var rundt dei på forsiktig avstand. Openlyst delte dei flaske og klemmar. Eg vil tru at dei delte andre ting også, ting som ikkje høyrer dagen til. Det gjer vondt langt inn i meg å sjå desse menneska, unge og litt eldre. Dei ser så slitne ut, og dei ser så gode ut. Eg tenkjer på smilet eg fekk frå ein av dei - på katten som vart leidd i band av ein annan. Det vitnar om omsorg, omtanke og godleik. Dei skulle ikkje ha det slik desse menneska, tenkjer eg. Ingen skulle gå slitne i Skippergata!
Eg tenkjer på at ein gong var dei alle slike små, nydelege og tillitsfulle born som den vesle bestemorsguten som eg har fått leika med i dag, har fått hatt på fanget og lese for, og som eg fekk pussa tennene til og ta pysjen på, før eg gjekk hit. Så nydeleg og tillitsfull!
Kvifor fører livet så mange til Skippergata?
Det er sikkert mange svar på det, og ingen av dei er enkle og eintydige. Likevel så veit vi at mange born ikkje har det så godt som vesleguten min. Vi vaksne taklar ikkje alltid livet, og vi kan koma til å svikta sjølv dei vi elskar aller mest. Eg vil tru at det var mange fedre og mødre blant dei eg møtte i Skippargata i dag, og eg veit at dei elskar borna sine dei også!
Det er lite eg kan gjera med dette i kveld, men eg seier: Kjære Gud sjå til dei rus-slitne borna dine på gata i storbyen i kveld! Sjå til borna deira også! Gjev oss evne og vilje til å hjelpa dei som ønskjer hjelp! Lat velferdssamfunnet bli einige om å prioritera rusomsorg. Amen!
3 kommentarer:
Takk for tankane Kari! Gode, triste men viktige observasjonar. Eg passerer mange av desse menneska dagleg, og eg har god bruk for Bymisjonens bodskap: "Ingen er berre det du ser". Og det var nett det du såg idag. At det vi ser er meir enn slitne menneske. At vi må få auge på sjølve menneske. At dei er brødre og søstre. Mødre og fedre. Born, vener og ektefeller. At dei er menneske med talent og verdi, sjølvom det vi ser er noko anna. Eg veit ikkje om det hjelper dei so mykje at eg tenkjer dette, men eg veit at det hjelper meg og måten eg "ser" på. Sissel Vartdal
Takk Sissel for gode kommentarar! Verda er urettferdig, men alle er like verdifulle!
Tankane dine gir oss andre innspel og viktige perspektiv . Takk at du deler dei. Vi må ha åpne auge, øyre og munn for dei vi møter ! Som det å SJÅ at det er meir enn det vi umiddelbart ser, - og det å sjå VERDI i dei varme smila. Skal ta det med meg når eg i morgon reiser til same støket (Kr møte). (May Lisbeth Hovlid Aurdal)
Legg inn en kommentar