I veka som har gått har tankane ofte vore innom dette foredraget. Når eg såg rosene mot himmelen, høyrde songen og ikkje minst kronprinsen si helsing på Rådhusplassen i Oslo, gjekk tankane til det eg høyrde Einar Lunde fortelja om Nelson Mandela og Desmond Tutu sin kamp mot apartheidregimet i Sør-Afrika. Fantastiske historiar om kjærleik, tilgjeving og forsoning. Inspirert av Jesu ord om å elska sine fiendar, omfamna Nelson Mandela den kvite mann! Dette vekte stor forarging, og var uhørt for dei mange som etter lang tids undertrykking og umenneskeleg forhold, kjente lysten til hemn. Men svaret var "utan tilgjeving er det ikkje håp for verda"
Det er vanskeleg å tilgje, men det norske folk har, som Nelson Mandela vald å visa ein annan veg enn hatet sin veg. "I dag er gatene fylt av kjærlighet" sa kronprinsen! Fantastisk utsagn, stort å oppleva!Dei store og langvarige lidingane det Sør-Afrikanske folket opplevde i 350 år har andre dimensjonar enn det vi opplever i desse dagar. Det som vi opplever er likevel det mest dramatiske vi har opplevd i landet vårt sidan krigen, og det så meiningslaust, så meiningslaust! Ugjerningsmannen skal domstolen døma. Vår oppgåve er å kjempa for menneskeverd, demokrati og trusfridom for alle.
"Kjærleiken gler seg ikkje over urett, men gler seg ved sanninga - Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han" seier Bibelen (1. Kor. 13. 6)
Vi må vidare med dei grusome hendingane i vår erfaringsbagasje. Eg ber om at sanninga skal hjelpa oss i sorgarbeid og smerte. Eg ber om at vi må bli tolerante, også ovanfor dei som tenkjer og trur annleis enn oss. Eg takkar for vegen det norske folk har vald desse dagane, det gjev fornya samhald og håp for framtida .
Så ber eg om at vi som enkeltpersonar og folk må finna djupt feste, glede og fridom i vår kristne tru. Vi har alt å tapa om vi i toleransens namn viskar ut vår kristne arv og identitet i landet vårt. Grunnfesta i denne trua er vi trygge og sterke til å visa toleranse.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar