Kyrkja er vår mor vert det sagt. I dag har vi opplevd kyrkja vår som ei mor. Over heile landet har kyrkja vore der med eit ope morsfang for borna sine. Tårer og fortviling har blitt utaust, og Mor har delt ut trøyst og håp gjennom varme blikk og handtrykk, gjennom ord og Ordet, gjennom salmar, lys og gjennom varme.
"Høg" og "låg" har vore saman. I dag var vi alle born.
"Du har kalla oss til å ha ein heim i di kyrkje på jorda" ber vi i ei av kyrkjebønene våre. Glad vi har denne heimen.
Takk til deg du "Mor kyrkje"! Takk at du framleis lever i landet vårt! Vi er mange som treng deg i dagane som kjem!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar