mandag 1. februar 2010

Mandagstankar


Eg veit ikkje kva eg skal skriva
men let berre fingrane gå
Vil eg så kan eg det sletta
vil eg så kan det få stå
Det er jo det store med denne maskin
som står her på bordet med skjermen som skin.
Så kom alle tankar som inni meg vankar
ja kom berre fram ei maskin her dykk sankar
ho gjer dykk så klåre
det blir mest ein fåre
For kven skal vel meina og tenkja og tru
det meste blir feil, og det skjønar nok DU

2 kommentarer:

Atad Xart sa...

Hei Kari du skriv no so fengjande flott
Du kan nærmast regnast for tastanes drott!
Men samstundest undrast eg kor du nå står
I blesten omkring kvar ditt KrF går
Kva tyker du om å bekjenna si tru
Om ein ska få lov til i KrF å få bu?

Kari Skår Sørheim sa...

Den var god Tor Øyvind. Du er rimsmed du også ser eg.
Eg vil ikkje ut i denne debatten så lenge eg er tilsett i partiet, men debatten er spennande.