Det er snart jul, eg kjenner det. Møteaktiviteten er avtakande, og meir og meir blir tankar og handlingar konsentrert om det å feira jul. Eg gler meg! Julekonserten i gårkveld i Sandneskyrkja gav meg den forsmaken eg trong. Takk til alle som deltok, og Jo og Marte si tolking av "Himmel på jord" vil eg seint gløyma. Tusen takk!!
Himmel på jord blir det neppe denne jula heller, men lengten og draumen etter fred på jord, fred med seg sjølv, og fred i dei nære relasjonane vert sterke i denne tida. Eg vonar vi i alle høve får eit glimt av himmel på jord denne jula.
(bilete http://www.amdam-art.no/amdam/bilder.htm)
Elles er eg glad for at ein stri møteperiode snart tar ferie. Denne hausten har vore krevjande, ikkje minst i NMS-samanheng. Store endringar i organisasjonen er vedtatt i landsstyret, og på laurdag vart misjonærbarnrapporten lagt fram i Oslo. Det var sterkt å møta over 300 misjonærbarn i alle aldrar, og det vart veldig rett at både NMS og NLM sto fram og beklaga manglande omsorg for misjonærborna. No går vi inn i ei viktig oppfylgingstid.
Misjonsarbeidet er prega av idealisme, visjonar og kall. Foreldreoppgåva står over alt, dette er slått fast gjennom denne erkjenninga.
På heimebane har eg fått vera ordførar dei siste vekene. Det har vore meiningsfylte veker og eg opplever sterkt å høyra til mellom folket her i "fjorden". Kommunestyret sist veke med budsjett og mange saker gjekk overraskande godt, sett med fungerande ordførar sine auge. Så godt som samrøystes på alle punkt i budsjettet er flott, og gode politiske debattar vart gjennomført.
Eg undrar meg av og til over alt eg har fått ansvar for, og eg ber om at eg må gjera jobben på ein truverdig og rett måte. Det er sjølvsagt eit alt for stort ønskje.
Himmel på jord? Neppe, men vi har alle vårt ansvar. Dette kjenner eg på i kveld....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar