lørdag 23. mai 2009

Frå spøk til alvor

Med bakgrunn i FrP sitt landsmøte skreiv eg ein litt uhøgtidleg kommentar i føremiddag - i kveld blir det alvor.
Eg er svært skuffa og forundra over vedtaket FrP har gjort i dag om å tillata aktiv dødshjelp! Dette hadde eg ikkje venta, og det er eit tidsskilje med uante konsekvensar vi er vitne til. Ingen andre parti i Norge har gått så langt, og eg registrerer at det ikkje berre er KrF og Laila Dåvøy som beklagar det som har skjedd. Det er godt!
Ingen ønskjer liding, ingen ønskjer smerte, ingen ønskjer å bli hjelpelaus, men kven har rett til å avslutta livet? Vi treng ikkje aktiv dødshjelp, vi treng aktiv livshjelp! Vi treng kunnskap om lindring, vi treng støtte og omsorg og her kan det gjerast meir, ingen tvil om det.
Nei dette var trist og alvorleg, og eg registrerar at FrP har fjerna seg milevis frå KrF.
Takk til Bjørgvinbiskopen som tydeleg seier frå!

StrileSkruen

50 milliardar i statteletta ! Da va då volsomt! Detta vert nåke å bryna seg på i valkampen i Knarvikjæ, Gjermund! Ikkje lommerusk du har i bokselommo di dar borte på landsmøte på Gardermoen.Som den forsiktige stril eg e spør bere slek i all stillhet (so ikkje for monge høyre da) e da datta me be deg om her ute på Strilalanne?
Eg vil ha bru øve Masfjorn eg, eg vil ha vei med gul stripa te Andås og eg håpte Staten skudle hjelpa oss, men visst veljarane dine ska få pengane i lommo i staden føre, so vert eg litt redd for datta ønskje.
Eg vil ha nyslegne bøa på heila Strilalanne, eg vil ha saue å lam i liane slek at seljo vert hadle nere og adle kan få sjå kor fint da e her - å eg vil ikkje at adle ska bu i Knarvikjæ. Da kosta penga slekt og.
Eg vil betala skatt slek at bådnæ ska få fleire lerara på skulen, eg vil betala skatt slek at dei so slit å streva me å få endane i hopa ska få meira penga. Eg vil at dei gamle ska få gått stedl å kjedna seg trygge, og da e då ikkje gratis. Eg treng ikkje skatteletta eg- eg har da so bra, og eg hadde so ner sagt at eg betala gjedna litt meira skatt slek at dei so treng da ska få meira.
Eg vil ha eit godt velferdssamfunn, og eg vil at da ska bu folk i adle bygdane her ute, darfør lika eg ikkje datta dar.
Nei, visst da e datta so ska låkka strilane te å stemma FrP, då har strilane forandra seg . Men da kan henna dei har gjort, da e gjedna ikkje so monge att på strilalanne so verken forstår ka eg skriv edle meina.
PS Eit skatteønsje har eg likavel - få vekk momsen på skulemusikkjen, ongdomsarbeie og adle dei frivillege organisasjonane - da tålest, og gjer seg vel te ein milliard edle to.

torsdag 21. mai 2009

Å hausta som ein sår

Eg har jo visst det alltid, eg har ei tøff veslesøster. Eg har i grunnen alltid hatt respekt for denne søstra mi, ho har meiningars mot sjølv om ho kanskje har "dabba av" litt med åra :-)
I Romsdals budstikke slår ho likevel denne helga alarm mot sjølvaste kultureliten, representert ved forfattaren Erlend Loe. Flott Åshild, og resten av Batnfjorden skule! Flott at nokon vågar å stilla spørsmål.
Å sprengja grensene er viktig. Det er viktig alltid å koma vidare, testa ut, vinna ny kunnskap og erfaring. Heile livet er dette viktig. Likevel, er det klokt å sprengja alle grenser, og er det grenser for kor tid det er klokt at grensene blir sprengde?
Eg trur det, men eg innser at det er vanskeleg å kontrollera dette i dag. Av og til seier eg stakkars barn og unge- dei blir eit offer for vaksne sine uforløyste kjensler og deira behov for å vera grensesprengjande og å tena pengar. På TV, på nettet og i litteraturen driv vi vaksne born og unge inn i det grenselause.

Eg har ikkje lese bøkene desse lærarane uttaler seg om, difor seier eg ingen ting om dei, men eg har erfart litt av det grenselause samfunnet vi lever i og eg likar ikkje alt eg ser.
"Sår du blomster vil blomstrene vokse, sår du ugress vil ugresset gro,
du skal høste som du sår, du skal høste som du sår, så ut det gode du får." syng Rune Larsen.
Vi veit at skal frøa og spirane veksa seg til det vi ønskjer, må ugraset vekk. Det rare er at ugraset veks så mykje lettare enn gulrotfrøet. Det er så paradoksalt, men kampen mot ugraset må vi ta. Eg trur lærarane på Nordmøre har gjort noko klokt!

Rykk og napp

Det går i rykk og napp med denne blogginga mi. Eg veit kvifor. Det er ikkje fordi eg ikkje er engasjert lenger eller ikkje har noko på hjarta - snarare tvert i mot. Eg trur faktisk at det er fordi engasjementet og farten for tida er litt for stor og dermed finn eg ikkje roen til å kosa meg med den trivelege hobbyen som blogging er.
No veit de grunnen og eg lovar at neste innlegg kjem umiddelbart.

PS ! Det må bety at eg har både ro og inspirasjon i dag - eg kjenner at eg likar det!

søndag 3. mai 2009

Tidsreise

Eg set på KrF sitt landsmøte og kikkar på nettet, og eg les m.a. om 10-klassingane i Masfjorden sitt store dramaprosjekt som er innøvd og framført under kyndig leiing av lærarar og Ruth Mjanger.
Eg har behov for å kommentera tre ting:
Det er viktig med fellestiltak mellom skulane våre
Det er ein uvurderleg kunnskap elevane får gjennom slike prosjekt
Det var veldig trist for bloggaren ikkje å få sjå framsyninga.

fredag 1. mai 2009

Stort lite parti

Eg set på landsmøte for partiet mitt - vesle, store KrF.
Eg er imponert over det eg er med på - nett no set eg og høyrer på Knut Arild Hareide, og i løpet av dagen skal eg høyra på mange andre dyktige politikar.
Vi er eit lite parti i % - vi er eit stort parti i engasjement, dyktighet og på politikk.
Følg med på landsmøtet her.