Eg les i avisa, og erfarte frå min sofakrok i gårkveld, at sofasesongen har starta - dvs no skal det dreia det seg om fotball- frå faste til advendt...
På sjølvaste lørdagskvelden, midt i beste sendetid vart vi sendt i godstolen, eller i sofakroken, for å sjå på at vaksne mannfolk spring etter ein ball.
Fram og tilbake, på vinterslitne baner som ikkje får venta på våren sine krefter, skal dei springa etter denne runde kula av lær . Prestisje, pengar, presse og popularitet håpar spelarar og klubbar på. Eigentleg synes eg fotballen er bra, særleg barne og ungdomsfotballen i lokalmiljøa er bra, (pluss Ole Gunnar S). På fylkesårsmøtet vårt i helga var det ein politikarar som omtala alle trenarar og leiarar for fotballaga som det nye "husmorlaget" fordi dei gjer ein formidabel frivilleg innsats for born og unge. Ikkje eit vondt ord om denne innsatsen skal koma over min munn, eg tenkjer med glede tilbake på mine mange trivelege, kalde, våte timar som heiagjeng på sidelinja når mine håpefulle med "proffdraumar" sprang i sine drakter etter ballen, og eg takkar trenarar og leiarar!
Eg håpar verkeleg at det vart glede i dei tusen heimar som benka seg i sofaen med pizzaen sin, at Lillestrøm og Stabekkspelarar sprang etter ballen på sjølvaste laurdagskvelden. For meg vart det heller ein litt søvndyssande laurdagskveld, for medan eg venta på mine vener frå Aidensfield, så sovna eg......
Kanskje hadde eg godt av det. God fotballsesong - (eg heiar på Sogndal, så er det sagt! :-)