Det er difor ei vitamininnsprøyting for meg når eg høyrer om unge har som har interesse for dette og som vil gjera noko for å engasjera og oppmuntra andre til å skapa seg næring gjennom den jorda som er tildelt oss.
Masfjorden bondelag satsar friskt på å få unge motivert til å ta ansvar for landbruket i kommunen. Difor fortener dei ros for initiativet dei har tatt for å spandera kurs på unge som har interesse for landbruk.
"No e da min tur- ei framtid på bygda og i landbruket" heiter kurset.
- Vi må motivere ungdomen til å gå inn i næringa, seier bondelagsmedlem Erik Kvinge. Flott Erik ! Som ein start tilbyr bondelaget å betale konferanseavgifta for masfjordingar under 30 år som vil delta. Dette er prisverdig og viktig.
4 kommentarer:
Genialt! Han Erik kan ikke ha vært fødd bak ein låvedør...
Hei Sondre - eg vil heler sei at han ikkje er fødd bak ein byport....
hehe! prøvde bare å imponere med slang fra Vollom;)
..flott det, men eg syntes ikkje det var så dumt å omskriva ordtaket litt :-)
Legg inn en kommentar