a) samlingane om misjon, forkynning og musikk- og kulturopplevingar
b) gode debattar og vedtak som gjeld NMS sin veg og profil vidare
c) positive og nøgde deltakarar
Å vera med på ei slik samling får meg til å forstå at kyrkja er verdensvid, at bodskapen er for alle, og at vi står i eit trusfellesskap med menneske over heile verda. Det kan stundom opplevast som at misjon er eit gamaldags fenomen og at dei som let seg engasjera er menneske med særinteresser. Å oppleva felleskapet med aller dei som deltok på GF desse dagane viste oss på nytt at misjonen femner vidt. Det var ei stor ære f eks at statsråd Solheim kom og held foredrag for oss om misjonen sitt viktige arbeid og det var ei kjempeoppleving då Sissel Kyrkjebø kom skridane og syngjande inn på scenen!
Det viktigaste med denne samlinga var likevel det at alle vi som var der fekk fornya vår tru på at Guds rike veks, at evangeliet er relevant både i Mali, Kina, Thailand, på Madagaskar og i Norge. Vi fekk fornya vårt mandat om å halda fram med dette viktige arbeidet, og eg er glad og lukkeleg over at så mange framleis er med!
(bilder- NMS)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar