
Det er ganske underleg å vera i slike samanhengar, kva i all verda gjer eg der??? Eg lurar på det når sant skal seiast.. men det er jo spanande - og så veit eg jo kvifor eg er der - som fylkessekretærane i KrF sin representant - og det er ei ære- eg
har mange flotte kollegaer!

Stoltenberg og Jagland - eg kjenner jo ikkje dei, og dei kjenner difinitivt ikkje meg, og eg synes det er heilt greit....
- men eg var i bursdagsbesøk saman med dei i går..merkeleg...
Kristin og Siv, dei var der og - smilande, moderne Oslodamer som fekk meg til å kikka forsiktig nedover på kostymen min, kjente meg litt "bondsk" men det var faktisk heilt ok å kjenna seg slik.
Kristin og Siv, dei var der og - smilande, moderne Oslodamer som fekk meg til å kikka forsiktig nedover på kostymen min, kjente meg litt "bondsk" men det var faktisk heilt ok å kjenna seg slik.

Eg tilstår at eg har fått meir og meir sans for Jagland. Han framstår reflektert og truverdig i ei tid der politikarar kan falla for freistinga til å overgå kvarandre med populistiske utsegn. Han held dessutan ein flott tale til Dagfinn Høybråten. Han snakka fint om ein politikar med integritet og vilje til å få ting til, om ein som er samarbeidsvillig, målbevist og dyktig. Det varma sikert Dagfinn, og det gjorde godt for oss andre- gode ord varmar- vi er alle sårbare menneske...
Det var kjekt og interessant å vera med men det er godt å koma heimatt- heimatt til eldreråd og barneforening i morgon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar