Kva er det med Masfjorden, spør den rutinerte og stort sett dyktige Strilenjournalisten Livar Aksnes i avisa i dag. Det er noko han ikkje heilt forstår, eg veit ikkje om eg kan hjelpa han heller. Men det er jo trist at han vert så søvnig og sløv når han har vore hjå oss, og spesielt når han har vore på Sørsida.. Problemet vert vurdert som alvorleg, for han lurar rett og slett på om det er ein slags Tornerosesyndrom, eller som han seier det, "ei Tornerose-forbanning" som kviler over oss, for han vert så søvnig når han er på veg heimatt etter besøk hjå oss. Ikkje hjelper den vakre naturen han skildrar, ikkje får han kick av kommunestyremøta, ikkje hjelper det å tenkja harselerande tankar om bygdekrangel, latterlege tomteprisar, heller ikkje å syngja hjelper. Berre
ei sterk oppleving har han hatt, og det kosta han eit blinklys... Trist dette, Livar. Likevel, eg ser det som positivt at det er når du skal heimatt du er trøyttast, eg vel å tolka det positivt.
Kva er det som skjer med Aksnesen??
Eg prøver meg med ei tolking: kanskje har han det slik som oss andre etter ein lang abeidsdag, vi vert beint fram trøytte. Ikkje alle arbeidsdagar er like gjevande, slik er det for meg også sjølv om eg jobbar i bydn. Eg deler gjerne mi erfaring, det hjelper stundom å høyra korleis andre opplever livet. Med meg er det så gale, Livar at ofte må ta ein stopp i bilen fordi eg vert så sløv. Eg kjempar meg oftast forbi Mundalsberget, men då skjer det- eg sløkkjer motoren, legg ned setet og sov nokre minuttar.. Det hjelper, men eg har faktisk aldri kome på at det hadde med Bergen eller Lindås å gjera, eg har alltid trudd at det var fordi eg hadde jobba på ein lang dag eg, men du sette meg på ein god tanke....
Og så - dersom Strilen sin utsendte er uroa for oss her inne mellom Soria-Moria i vest og dei flotte fjella i aust, så melder eg med dette at vi faktisk meiner at prinsen har vore her, prinsessa er lys vaken, og tornehekken den har vi ikkje sett.
Takk for ei morosam historie.
PS Er det somme som ikkje skjønar kva eg skriv om i dag,så er det fordi du ikkje har
Strilen!