
Og kreativ tenking likar eg.
Mange unge masfjordingar har tenkt kreativt også dette siste året. På Haugsvær, på Sandnes og i Skjelsundet tenkjer unge kreativt, og husdraumen tek gradvis form. Vi seier Gratulerer, og vi seier Takk for gode medieoppslag som de har bidratt med der de seier at kommunen har gjeve dykk god hjelp. sjå BT

Den beste reklame kommunen kan få er nøgde innbyggjarar.
KrF har oppgjennom åra prøvd seg med eigne framlegg og støtta andre parti sine, for om mulig å få fart på bustadbygging - billege tomtar- tomtar på auksjon - etablerarstøtte – dispensasjonar osv. Vi vil framleis arbeida med dette, auka busetnad er jobb nr ein! No treng vi fleire tomtar på Sørsida, og initiativa som vert teke av private og av Sandnes Vel må støttast aktivt av oss som er politikarar.
Når vi i tillegg til dette investerar i eit godt oppvekstmiljø for dei små som skal bu i husa, ja då vil vi lukkast.
PS. Vi er spente på bygdeutviklingsmøte på Matre på onsdag….